Helsefagarbeidarar i førebygging og meistring
Øystre Slidre kommune
Bygdinvegen 2120, 2940 Heggenes, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidarar i førebygging og meistring
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 31. august
Vi held til i nye og moderne lokale på Øystre Slidre helsetun. Lokala ligg sentralt til på Heggenes, med flott utsikt over Heggefjorden og mot Jotunheimen. Vi ønskjer å vere ein naturleg del av nærmiljøet, og det er mange aktivitetar på Helsetunet. Velferdsteknologi er eit satsingsområde.
Førebygging og meistring består av heimeteneste, korttid/avlastning og omsorgsbustader. Vi jobbar kvar dag for å gje gode tenester til alle brukarane våre.
Avdelinga er med i KS-prosjektet TØRN, der du vil få moglegheit til å vere med og forme din eigen arbeidskvardag. I dag er vi ei teneste med mange flinke og dedikerte tilsette. Vi vil gjerne ha med deg på laget som har gode tankar og idear for korleis ein skaper best moglege tenester.
Det er ledige faste stillingar og vikariat i avdeling førebygging og meistring. Stillingane varierar frå 60-100%. Skriv kor stor stilling du ønskjer i søknaden din.
Det er også ledige helgestillingar.
Vi ser fram til å høyre frå deg! Søkjarar blir kontakta og innkalla til intervju fortløpande.
Arbeidsoppgåver
• Gje tenester til brukarar etter enkeltvedtak og etter gjeldande styringsdokument• Varierte arbeidsoppgåver som består av å gje helsehjelp og kvardagsmestring
• Dokumentasjon i henhald til gjeldande lover, forskrifter og retningslinjer
• Samarbeid med andre yrkesgrupper innan helse og omsorg
• Tverrfaglig arbeid med rehabilitering og kvardagsmestring i tenesteområdet
Kvalifikasjonar
• Kunnskap om metodar, tilnærmingar og prinsipp innanfor rehabilitering• Gode norskkunnskapar
• Sertifikat i klasse B til stillingar i heimetenesta
• Det er krav om politiattest etter helse- og omsorgstjenesteloven §5-4
Personlege eigenskapar
• Positiv, sjølvstendig og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner• Fleksibel, tydeleg og løysningsorientert
• Engasjert og tek initiativ til forbedringsprosessar
• Gode haldninger til brukarar og ser verdien av nytekning innan kvardagsmestring og velferdsteknologi
• Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr
• 2-delt turnus med kvar 3. helg eller langvakter kvar 4.helg• Nødvendig opplæring og rettleiing
• Kompetanseheving
• Opplæring i fagsystem
• Tilrettelegging for vidareutdanning dersom rette søkjer melder seg i ansettelsesprosessen. Utdannning kan kombinerast med jobb.
• Engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar
• Gode forsikrings- og pensjonsvilkår i KLP
Kontaktinformasjon
Åse Bolstadbråten, Avdelingsleiar Heimetenesta, 90836809Arbeidsstad
Bygdinvegen 21202940 Heggenes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommuneReferansenr.: 4919294819
Stillingsprosent: 67, 100%
Vikar, Fast
Søknadsfrist: 31.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Åse Bolstadbråten
Avdelingsleiar Heimetenesta
90836809
Om bedriften
Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter.
Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge. Velkommen til rein naturglede!
Reiseliv og jordbruk er blant dei største næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.
Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu.
Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.
Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
425617ce-6c34-4612-b9dd-cf04a121276d
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c056d66cf66543858da26cf74ec8f8b1