Styrar Sunde barnehage
Kultur og oppvekst, Sula kommune
Rystene 30, 6037 Eidsnes, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Styrar Sunde barnehage
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 29. juni
Vil du arbeide saman med oss for å gi barn ein god oppvekst i Sula kommune?
I Sula kommune har vi barnehagar av høg kvalitet, og Sunde barnehage er ein av desse. Barnehagen har to avdelingar, ei småbarns- og ei storbarnsavdeling. Barnehagen ligg plassert nydeleg til på Sunde og har ein friluftsprofil. Alle som kjem til Sunde barnehage skal oppleve at dei er viktige og blir sett og forstått. Tilknyting, omsorg og tilhøyre er viktig for alle, og ekstra viktig for små barn. Dette har vi stort fokus på, og er det viktigaste i barnehagen vår.
Som leiar frå du ein gjeng motiverte medarbeidarar med på laget ditt. Du er med i leiargruppa i kommunalområde kultur og oppvekst, samt at du vert ein del av kommunedirektøren si mellomleiargruppe. I tillegg får du bidra til tverrfagleg utvikling gjennom Utdanningsdirektoratet sine kompetanseordningar og i internasjonalt utdanningsarbeid.
Sula kommune har ein organisasjonsstrategi som skal bidra til at vi nyttar vår samla kompetanse til å nå kommunen sine mål, som er å levere gode og berekraftige tenester til innbyggarane. Leiarane går føre og viser veg. Sunde barnehage ønsker å ha deg som vil vere med å bidra til endring og utvikling av barnehagen, med på laget.
Visjonen til barnehagen "Med omsorg for framtida" Les gjerne meir om oss på heimesida vår Sunde barnehage - Sula kommune
Stilllinga er ledig frå 01.08.25
Arbeidsoppgåver
- Dagleg ansvar for drift, budsjett og økonomiansvar
- Personalansvar for faste og midlertidige tilsette i barnehagen
- Fagleg ansvar for kvalitet, retning og pedagogisk utvikling
- Tverrfagleg samarbeid med andre einingar og avdelingar i kommunen
- Utvikling av barnehagen i tråd med nasjonale og lokale føringar inkludert internasjonalt utdanningssamarbeid
Kvalifikasjonar
- Godkjent 3-årig høgskuleutdanning som gir barnehagefagleg og pedagogisk kompetanse
- Styrarutdanning/leiarutdanning, og/eller relevant leiarerfaring
- God arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
- Kunne arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta
- Høg digital kompetanse
- God økonomisk kompetanse
- Gode norsk kunnskaper, både skriftleg og munnleg framstilling. Tenestemål i Sula kommune er nynorsk
- Gyldig politiattest nyare enn 3 mnd, må leggast fram før oppstart i stillinga
Personlege eigenskapar
Vi søker etter deg som er ein leiar som:
- er løysingsorientert, nytenkande og utviklingsorientert. Ein inspirerande leiar som set tydeleg retning
- er strukturert og systematisk i arbeid med å oppnå gode resultat
- identifiserer deg med kommunen og barnehagen sin visjon og verdiar
- er open og ærleg med ein naturleg autoritet som skaper positivt engasjement i arbeidsfellesskapet
- har evne til å ivareta og vidareutvikle barnehagen sin kultur og sitt leike- og læringsmiljø
Personelege eigenskaper vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- engasjert og dyktige kollegaer i eit godt arbeidsfellesskap
- godt samarbeid mellom leiarane i barnehagane og tverrfaglege samarbeidspartar
- lønn etter gjeldande tariff.
- Frå lønna blir det trekt 2% innskot til pensjonsordning.
Kontaktinformasjon
Ragnhild Hanken Skjong, Kommunalsjef, 99738686, ragnhild.hanken.skjong@sula.kommune.noBritt Kleppe, Rådgivar, 95712257, britt.kleppe@sula.kommune.no
Arbeidsstad
Rystene 306037 Eidsnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sula kommuneReferansenr.: 4951034093
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.06.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Sula kommune er opptatt av å utvikle og forbetre tenestene saman med innbyggerane og næringslivet, slik vi kan vere ei trygg og framtidsretta kommune.
Sula kommune ligg sentralt til på Sunnmøre med Ålesund som næraste nabo. Kommunen har omlag 9700 innbyggjarar, der omlag halvparten bur i kommunesenteret Langevåg. Sula er ein av dei minste og mest folketette kommunane i fylket.
Kommunen er vekstkommune med stor aktivitet, rikt kulturliv og har gode høve til å dyrke friluftsliv. Veksten har ført til auke av butikk-, kafe- og næringsverksemder. Det tek 7 minutt med båt over til Ålesund sentrum. Kommunesenteret og Sula rådhus ligg i Langevåg.
Kommunen praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Det betyr at ein som søkar må grunngje kvifor ein eventuelt ber om unntatt offentlegheit. Grunngjevinga vert vurdert opp mot reglane i Offentlegheitslova. Søkarar som ber om unntatt offenentlegheit vil verte kontakta.
Meir informasjon om Sula kommune her
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
423cb873-00fd-434b-a5d8-b149dd0108b3
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ec46649a86e449ac8bde518a7c19939e