Psykologspesialist/ psykolog
Poliklinikk BUP VoldaHelse Møre og Romsdal HF
Kløvertunvegen 1, 6103 Volda
Om jobben
- Stillingstittel
- Psykologspesialist/psykolog
- Oppstart
- 1. januar 2026
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
Vi har ledig 1 fast stilling og eitt årsvikariat for psykologspesialist/psykolog ved poliklinikk BUP Volda, Helse Møre og Romsdal HF.
Ved eventuell intern omrokkering kan det verte ledig vikariat. Oppstartdato etter avtale med seksjonsleiar.
I Helse Møre og Romsdal HF er psykisk helsevern for barn og unge samansett av poliklinikkane i Kristiansund, Molde, Ålesund og Volda (BUP) samt ein døgnseksjon.
Poliklinikken i Volda har eit godt arbeidsmiljø med spanande arbeidsoppgåver. Vi tilbyd differensiert poliklinisk utgreiing- og behandlingstilbod til barn, unge og familiar i 7 kommunar på Sunnmøre.
Personalgruppa vår er sett saman av personar frå ulike yrkesgrupper som er organisert i tverrfaglege team. I tillegg har vi akutt ambulant team, spiseteam, traumeteam, familieteam og OCD-team som er etablert på tvers av poliklinikkane i Ålesund og Volda. Vi gir tilbod om pasient- og pårørandeopplæring.
Vi legg vekt på godt samarbeid med andre helsetenester, både i kommunane og i andre delar av spesialisthelsetenesta.
Vi ynskjer å kunne tilby psykologane våre ein god balanse med høve til fagleg fordjuping og det å etablere eit breitt erfaringsgrunnlag. Psykologane våre får tett og god rettleiing av psykologspesialist i seksjonen. Vi sørger for at psykologane får dei kurs dei treng. Skulle du ha planar om faglege utviklingsprosjekt eller forsking, er det høve til å utvikle dette i samarbeid med fagpersonar med forskingsbakgrunn i seksjonen vår, eller eventuelt saman med samarbeidspartnerar vi har innan forsking og fagutvikling.
Arbeidsoppgåver
- Poliklinisk utgreiing og behandling av barn og unge med ulike psykiske lidingar
- Rettleiing og konsultasjon til foreldre, skule og nettverk
- Deltaking i samarbeidsfora rundt pasientar
Kvalifikasjonar
- Norsk lisens/autorisasjon som psykolog
- Relevant erfaring
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Du har interesse for fagutvikling og engasjement for utvikling av eigen arbeidsplass
- Du arbeider sjølvstendig, strukturert og målretta
- Du har evne til å skape trivsel i ein travel arbeidskvardag
- Du har gode ferdigheiter i organisering av eige arbeid
- Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Tilrettelegging for spesialisering og fagleg utvikling
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her.- Og herKontaktinformasjon
Kari Standal, Seksjonsleiar, +47 70058570, kari.standal@helse-mr.noArbeidsstad
Kløvertunvegen 16103 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5029544182
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Startdato: 01.01.2026
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 07.11.2025
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4218a2c3-fcca-4721-9506-e5c11ced931b
- Sist endret
8. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
6da54f95cc2e4461ba68df3a9bfb7e87
Lignende annonser
Arbeidsgiver
AVDELING FOR PSYKISK HELSEVERN BARN OG UNGEHelse Møre og Romsdal HF
Sted
Kristiansund N, Volda, Molde, Ålesund
Arbeidsgiver
Ferievikarer Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Volda
Arbeidsgiver
Ferievikarer Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Volda
Tilkallingsvikarar i helse og omsorg
Arbeidsgiver
Volda kommune, Bu- og habiliteringsteneste
Sted
Volda