Økonomimedarbeidar/prosjektøkonom (rådgjevar) ved Universitetsmuseet
Universitetet i Bergen
Villaveien 1A,, 5007 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Økonomimedarbeidar/prosjektøkonom (rådgjevar) ved Universitetsmuseet
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i overmorgen
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-wOm stillinga:
Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til ei fast stilling som økonomimedarbeidar/ prosjektøkonom (rådgjevar) ved Universitetsmuseet.
Universitetsmuseet er organisert med fire avdelingar og ein fellesadministrasjon. Stillinga vil være ein del av museets fellesadministrasjon og rapportere til underdirektør.
Universitetsmuseet i Bergen har forsking, samlingsforvaltning og formidling som sine kjerneoppgåver. Museet har fagfelta antropologi, arkeologi, kunst- og kulturhistorie, botanikk, geologi og zoologi. Til museet ligg òg ansvaret for utgravingsverksemda i medfør av Kulturminnelova med forskrifter, samt for Arboretet og to botaniske hagar. Universitetsmuseet har omfattande vitskaplege samlingar og er ein sentral arena for forskingskommunikasjon for UiB. Museet har om lag 155 årsverk fordelt på om lag 200 tilsette. Nærare informasjon om museet: https://www.uib.no/universitetsmuseet
Vi søkjer etter ein sjølvstendig, strukturert og omgjengeleg medarbeidar med god økonomiforståing. Den som vert tilsett skal primært ha ansvar for oppfølging av den eksternt finansierte prosjektporteføljen ved museet, men også bidra til god økonomioppfølging generelt ved museet. Stillinga vil ha varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver. Som prosjektøkonomen vil du samarbeide tett med våre arkeologar og forskarar og følgje deira prosjekt tett: Frå søknadsfase, til oppstarts- og driftsfase, og til avslutningsfasen. Som tilsett ved museet vil du jobbe i eit høgt kompetent og inkluderande miljø.
Arbeidsoppgåver:
- Budsjettering av prosjektsøknader til ulike finansieringskjelder
- Administrativ støtte i samband med søknad, kontraktsinngåing og budsjett
- Oppfølging av budsjett og kontroll med prosjekta frå oppstart til avslutning
- Rapportere til prosjektleiar, finansieringskjelde, leiar og eventuelt andre
- Dialog med samarbeidspartnarar rundt økonomiske spørsmål
- Støtte og bistand i økonomispørsmål
- Fakturere eksterne kundar og internt på UiB
- Opparbeide særskilt kompetanse på enkelte prosjekttypar/finansieringskjelder
- Bidra med prognose- og analysearbeid og yte hjelp og støtte på økonomifeltet (diverse økonomioversikter)
- Vidareutvikle system og rutinar på økonomifeltet
- Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Vi søkjer etter deg som har:
- Minimum bachelorgrad med økonomirelatert innhald, det er ønskjeleg med mastergrad
- Relevant erfaring
- God økonomiforståing, og med nødvendig presisjon i arbeidet.
- God administrativ it-kompetanse, med spesiell vekt på Excel, samt interesse for å ta i bruk nye digitale verktøy
- Erfaring med økonomi- og rapporteringssystem. Ønskjeleg med kjennskap til Unit4 og Tableau
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- God kompetanse i munnleg og skriftleg norsk og engelsk
Vi ønskjer at du er:
- Motivert for å jobbe med økonomi og administrasjon i eksternt finansierte prosjekt
- Serviceinnstilt og tar initiativ
- Sjølvstendig, men samarbeider og godt med andre, innan same fag og på tvers av fag
- Strukturert og effektiv og trivest med å handtere mange oppgåver samtidig, planlagde og uforutsette
- Analytisk og løysningsorientert
- Vil bidra til det faglege og sosiale fellesskapet
Ved vurdering av den best kvalifiserte vil det verte lagt vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt motivasjon for stillinga.
Vi kan tilby:
- Eit godt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i et høgt kompetent miljø
- Ei stilling ved universitetsmuseet gir innsikt i mange og spanande fagmiljø
- Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
- Løn som rådgjevar (kode 1434) etter hovudtariffavtalane i staten, kr 635.400 – 692 400 brutto pr. år, avhengig av erfaring og kvalifikasjonar. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
- Medlemskap i Statens pensjonskasse
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd
- Fleksibel arbeidstid
- Gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Wenche Førre, tlf.: 55 58 91 64/ mobil; 41294058, e-post: wenche.forre@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Universitetsmuseet i Bergen – Les meir her
Sektor
Offentlig