Hopp til innhold

Vil du skape draumebad og inspirere kundar?

Arbeidsgiver

A. M. Vik AS

Sted

Syvdefjordvegen 504, 6140 Syvde

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Baderomsdesignar/butikkselgar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

A. M. Vik AS har levert solide rørleggartenester i over 60 år. Vi er 11 tilsette og arbeider på heile Søre Sunnmøre og Nordfjord. Vi er medlem av Comfort-kjeda og butikken vår er ein viktig del av verksemda. I tillegg har vi eiga avdeling med kle og kafé.

I samband med sterkare satsing på totalbad og interiørdesign søker vi no etter

Baderomsdesignar/butikkselgar

Er du oppteken av interiør, fargar, materialval og dei nyaste trendane? Likar du å inspirere andre og hjelpe kundar med å finne gode løysingar? Då kan dette vere jobben for deg.

Dette vil du jobbe med
  • Rettleie og inspirere kundar i butikk og utstilling

  • Teikne og planlegge moderne bad og interiørløysingar

  • Utarbeide tilbod og følgje opp kundar

  • Bidra til innhald og profilering i sosiale medium

  • Vere med på å utvikle butikk og utstillingar

  • Skape gode kundeopplevingar frå idé til ferdig prosjekt

Kven ser vi etter?

Det viktigaste er at du har interesse for design, er flink til å kommunisere og likar å jobbe med menneske.

Vi trur du:

  • Har stor interesse for interiør, form, farge og trendar

  • Er energisk, positiv og serviceinnstilt

  • Er kreativ og har auge for detaljar

  • Er trygg på bruk av data og digitale verktøy

  • Er strukturert og tek ansvar

  • Har interesse for sosiale medium og marknadsføring

Vi tilbyr
  • Ein spennande og variert kvardag

  • Opplæring i designverktøy og produktkunnskap

  • Eit godt arbeidsmiljø med korte beslutningsvegar

  • Store moglegheiter for personleg og fagleg utvikling

  • Konkurransedyktige vilkår

  • Moglegheit til å vere med og forme vår vidare satsing på bad og interiør

  • Deltidsstilling kan vere aktuelt

Har du spørsmål om stillinga? Ta kontakt med Runar Vik på telefon 918 41 155.

Søknad med CV sendast innan 18.09.2026. Alle henvendingar blir behandla konfidensielt.

Om bedriften

Sektor

Privat

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

41d7768c-6cbc-461d-9cce-0fd5319e056b

Sist endret

9. september 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

371048122

Lignende annonser

Laster lignende annonser