Vi søkjer butikkselgar til vår byggevareforretning i Ulsteinvik
Byggfag Ulstein AS
Storehølvegen 20, 6065 Ulsteinvik
Om jobben
- Stillingstittel
- Butikkselgar 100%
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
Søk på jobben
Søk senest fredag 23. oktober
Byggfag UIstein er ei byggevareforretning i Saunesmarka, Ulsteinvik. Etablert i 2018, og er ein del av Byggfag-kjeda.
Bedrifta består av eit moderne trelastlager med "drive-in", byggevarebutikk og showroom. Vi har for tida 6 tilsette.
Med sterk vekst og stor kundetilstrøyming ønskjer vi no å satse vidare inn i framtida. Vi søkjer difor etter ein ny medarbeidar.
Vi søkjer ein serviceorientert, blid, engasjert og kreativ medarbeider til vårt team med hovudansvar for maling, interiør, salg av kjøkken, bad og garderobe.
Her får du vere ein del av eit miljø der vi verdset profesjonalitet, tillit, trivsel og fleksibilitet - og med nøgde kundar som det viktigaste vi kan ha.
Dette er ei stilling der rett person vil få stor moglegheit til å påvirke stillinga sitt innhald og bidra til utvikling av resten av butikken. Du vil vere i eit team der vi alle bidreg på alle felt, for at vi skal få nøgde kundar og skape gode resultat.
Arbeidsoppgåver:-
Aktiv kundeservice og sal i alle våre kategorier.
-
Sikre god butikkstandard, vareflyt og sesong/interiøreksponering
-
Kampanjegjennomføring
-
Planlegging og gjennomføring av lokale butikkaktivitetar og temadagar.
-
Bruk av digitale verktøy for å finne gode design, løysingar og pris til våre kundar.
-
Kassearbeid, varemottak, varepåfylling, ordresal og nettsal.
-
Bidreg til eit positivt, effektivt og inkluderande arbeidsmiljø i ein hektisk kvardag.
-
Du er praktisk anlagt og likar å få ting gjort.
-
Du er kreativ og har sansen for vareeksponering og presentasjon.
-
Du har det gøy på jobb, og du har god tone både med kundar og kollegaer.
-
Du tar ansvar, er målretta og trivast i ein variert arbeidskvardag - og jobbar gjerne saman i team for å få eit godt resultat.
-
Kjennskap til byggevare, butikkdrift eller interiør er ein fordel, men ikkje eit krav.
-
Du har god økonomisk forståing.
-
Du har truckførarbevis, eller villig til å gjennomføre kurs for å få det.
-
Gode muntlige- og skriftlige norskkunnskapar.
-
Førarkort kl. B
-
Du må inngå i vaktliste for ettermiddag og helg.
-
Ei spennande rolle i eit veletablert selskap.
-
Godt arbeidsmiljø i moderne lokaler.
-
Gode moglegheiter til å påvirke utvikling av butikken.
-
Konkurransedyktige betingelsar og ordna forhold.
-
Gode forsikrings- og pensjonsordninger.
-
Å vere med på ei spennande reise med ei bedrift i vekst!
Om bedriften
Byggfag Ulstein AS er ei moderne byggevareforretning i Saunesmarka, Ulsteinvik, etablert i 2018. Vi er medlem av Byggfag-kjeda, og vår kundemasse består av både proff og privatkundar med Ulstein, Hareid, Herøy og Sande som nedslagsfelt.
Bedrifta sel byggevarer, trelast, verktøy, maling, garderobe og interiørvarer, til både proff og privatkundar.
Byggfag Ulstein er i sterk vekst, og ønskjer no å bygge vidare på det gode potensialet vi har skapt med konkurransedyktige prisar og nøgde kundar.
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b9477bed-92db-4314-a7e8-82a26f097c2d
- Sist endret
10. september 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
475889406