Solund sitt ansikt utad
Solund kommune Stab
Hardbakke 26, 6924 Hardbakke, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Stabsmedarbeidar i Solund kommune
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Solund kommune har behov for fleire tilsette i Staben. Staben løyser ulike oppgåver for innbyggjarane og tilsette i Solund kommune og er i mange samanhengar den fyrste ein treff på i møte med kommunen. Det er difor viktig at du er serviceinnstilt og imøtekommande.
Staben løyser oppgåver innan:
- Arkiv
- Økonomi og innkjøp
- Politisk sekretariat
- Beredskap
- Informasjonsarbeid
- IT og digitalisering
- Med meir
Vi forventar ikkje at ein enkelt person kan hjelpe oss på alle desse områda, men vonar at vi i lag med aktuelle søkjarar og dei flinke tilsette som allereie er i Staben skal løyse dette i fellesskap. Fleire av dei tilsette i Staben nærmar seg pensjonsalder så fordeling av arbeidsoppgåver hjå oss vil endre seg i åra som kjem. Solund kommune har også for tida utlyst stilling som personalmedarbeidar og arbeidsoppgåver knytt til den stillinga kan verte aktuelt.
Du har gjerne høgare utdanning relevant for arbeidsområda, men fagbrev til dømes i service- og administrasjonsfaget kan og vere aktuelt. Vi nyttar saks- og arkivsystem frå Acos og økonomisystem frå Visma, så kjennskap til desse systema er ein fordel. Det er også positivt om du kjenner Solund kommune frå før, men vi vert gjerne kjent med nye kollegaer.
Vi tilbyr:- Variert, tverrfagleg samarbeid
- Løn iflg. tariff
- Kjekke kollegaer
- Fleksitid og moglegheit for delvis heimekontor
- I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Les meir om medlemsfordelane i KLP her.
Om dette verkar spanande og du har relevant utdanning eller erfaring, slå gjerne på tråden til stabsleiar Amund. Han gler seg til å høyre frå deg!
Vi gjer merksam på at søkjarliste er offentleg informasjon. Du kan be om at namnet vert unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. § 25 i offentleglova. Om kommunen ikkje kan innvilge søknaden, vil du bli varsla før søkjarlista vert ferdigstilt.Solund kommune har vurdert marknadsføring av stilling, og ynskjer berre kontakt med søkjarar.Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2920425
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3460085_140883_nn