Sommarvikariat for fysioterapeut
Terapeuteining Stord, Helse Fonna HF
Tysevegen 64, 5416 Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fysioterapeut
Oppstart
2. juni 2025
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 14. april
Vi har ni fysoterapeutstillingar pluss ein stilling for turnusfysioterapeut i vår avdeling. Fysioterapeutane jobbar ved rehabiliteringsposten, medisinske postar, kirurgisk post og felles intensiv post ved Stord sjukehus, samt ved rehabiliteringspoliklinikken og poliklinikk for fysikalsk medisin og rehabilitering.
Som ferievikar vil du få ansvar for pasientar ved ein av sjukehuspostane. Kva post som blir aktuell vil vi vurdere ut frå arbeidserfaringa du har. Opplæring blir gitt i perioden før ferieavviklinga hos oss startar.
Terapeuteining Stord høyrer til avdeling for rehabilitering i Helse Fonna HF, og vi held til på Stord sjukehus. Stord ligg sentralt midt mellom Bergen og Stavanger, og det går dagleg direktefly mellom Stord og Oslo. Stord kan by på koseleg småbyliv, flott natur; både fjell og skjærgård, og eit rikt sports- og kulturliv.
🔹 Høyrest dette interessant ut? Då håpar vi du vil søkje sommarjobb hos oss!
Kva går jobben ut på?
- Kartlegging og behandling av pasientar
- Dokumenteringsarbeid
- Tverrfagleg samarbeid i team
- Samhandling med kommune og pårørande
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som fysioterapeut. Fysioterapeut som har fullført bachelorgrad i fysioterapi, og som har relevant arbeidserfaring, kan bli vurdert for stillinga dersom vi ikkje får andre kvalifiserte søkarar.
- Det er ein fordel med arbeidserfaring innan sjukehus/ spesialisthelstenesta
- Søkjarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå
Hos oss er det viktig at du:
- kommuniserer tydeleg og skapar gode relasjonar, både med pasientar, pårørande og kollegaer.
- er engasjert i jobben din og møter arbeidskvardagen med motivasjon og pågangsmot.
- jobbar ryddig og har god oversikt, men tilpassar deg lett når situasjonen krev det.
- trivst med å jobbe sjølvstendig, men set også pris på samarbeid og fagleg utveksling i team.
Kvifor skal du velje oss?
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og arbeidsforsikringar
- Arbeid i lag med dyktige og engasjerte medarbeidarar
- Eit aktivit og triveleg arbeidsmiljø
Kontaktinformasjon
Marianne Hollund Espeland, Avdelingsleiar, +47 95234329, marianne.hollund.espeland@helse-fonna.no
Kjerstin Risnes, Funksjonsleiar, kjerstin.risnes@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Tysevegen 64
5416 STORD
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 4948645967
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 02.06.2025
Sluttdato: 17.08.2025
Søknadsfrist: 14.04.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2907929
- Hentet fra
talentech
- Referanse
14bc0df9c061465e99260aacfeb30d7e