Hopp til innhold

Ønskjer du å bidra på eit viktig samfunnsområde?

Arbeidsgiver

Nav Bergen sentrum, avdeling for arbeidsavklaringspenger

Sted

Møllendalsveien 8, 5009 Bergen

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Rettleiar/sakshandsamar
Oppstart
1. mars 2026
Type ansettelse
Engasjement, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
5
Arbeidssted
Hybridkontor

I Nav Bergen er vi opptekne av kontinuerleg tenesteutvikling til beste for brukarane våre. Vi ser etter deg som trivst i ein variert og til tider hektisk arbeidskvardag, og som likar å jobbe i team. Hos oss blir du del av eit innovativt fagmiljø med høg kompetanse, og du får ein spennande jobb i eit inkluderande arbeidsmiljø.

I region Bergen er det etablert ei mellombels avdeling som handsamar søknader om arbeidsavklaringspengar, journalfører saker og behandlar klager m.m. Avdelinga behandlar saker på vegner av fire NAV-kontor i Bergen, har 15 medarbeidarar og held til i NAV Bergen sentrum.

Vi har no fem midlertidige stillingar ledige frå 1. mars og fram til utgangen av 2026.


Kva går jobben ut på? 

  • sakshandsame i Nav sine fagsystem etter gjeldande lovverk
  • kartleggje ressursar og moglegheiter hos den enkelte brukar
  • kontakt med arbeidsgjevarar, tiltaksarrangørar og andre samarbeidspartnarar
  • delta i utviklingsarbeid ved behov
  • andre oppgåver kan bli lagde til stillingane

Kva kompetanse er viktig i denne rolla? 

Du må ha
  • fullført utdanning på minimum bachelornivå frå høgskule eller universitet. Relevant utdanning og/eller arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i norsk
  • erfaring med å bruke digitale verktøy
Det er ønskjeleg at du har
  • erfaring frå sakshandsaming i offentleg verksemd
  • erfaring frå arbeid med menneske og rettleiing 

Kva ser vi etter hos deg

  • er trygg og kan handtere ein variert og hektisk arbeidskvardag
  • har god arbeidskapasitet og evne til å handsame eit breitt ansvarsområde 
  • er sjølvstendig, effektiv og arbeider systematisk og heilskapleg
  • er omstillingsdyktig og handterar nye arbeidsoppgåver

Kvifor velje opp

  • meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig arbeidsområde
  • eit fagmiljø som er oppteke av tenesteutvikling og ambisiøse mål
  • fleksitidsordning med moglegheit for hybrid arbeidskvardag og ein time trening i arbeidstida
  • løn i stillingskode 1434 rettleiar i lønsspenn frå kr. 622 000 til kr. 660 000. For særleg kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast.
  • god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse 
Les meir om Nav som arbeidsgivar

Kontaktinformasjon

Siv Krakk Aga, Avdelingsleder avdeling AAP, 93401494, siv.krakk.aga@nav.no

Arbeidssted

Møllendalsveien 8
5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Nav

Referansenr.: 5064445283
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.03.2026
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 18.02.2026

Om bedriften

Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.  

Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.

Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.

Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no. 

NAVstilling

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

41a90989-15ac-4022-a310-14df297cfb36

Sist endret

19. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

b2c7dda0de5e4d398492e578b49362da

Lignende annonser

Laster lignende annonser