Besøksheim
Osterøy kommune
Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Besøksheim
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 24. august
Om stillinga
Vedtak om avlastning er eit tilbod til familiar som har særlig tyngende omsorgsarbeid. Avlastninga skal gjere det mogleg for omsorgsytarane å oppretthalde gode familierelasjonar, bevare sosialt nettverk og gi moglegheit for nødvendig, og regelmessig fritid og ferie. Som avlaster bidrar du til å hindre overbelastning for omsorgspersonane.
Ditt hjem skal være et trygt og godt sted der barn og unge kan være en del av det vanlige familielivet. Det er viktig med forutsigbarhet, tryggleik og omsorg.
Osterøy kommune søkjer etter besøksheim for ein ungdom på 14 år. Du vil ta i mot ungdommen i din eigen heim kvar 4.helg, fredag til mandag, 48 timar
Arbeidsoppgåver
- Gje eit godt omsorgstilbod i 48 timar kvar 4.helg.
- Delta i aktivitetar saman med ungdommen.
- Sørge for eit trygt, sosialt og hyggelig opphald
Kvalifikasjonskrav
Du må være stabil og ansvarlig. Kunne tilby eit trygt og godt miljø i besøkshelgene.
Du må kunne sette grenser og ha eit åpent sinn.
Det er viktig at du som avlastar tenker deg godt igjennom kva du har kapasitet til, og at du kan binda deg over tid.
Avlastar og alle over 18 år i husstanden må framleggja gyldig politiattest.
Det er ønskelig med førerkort og disponering av eigen bil.
Vi tilbyr
- Løn etter gjeldande lover og reglar
- Oppfølging og veiledning ved behov
Spørsmål om stillinga
- Tone Drevsjø, avdelingsleiar Osterøy bu- og avlastingtenesta, mob 93424017, tone.drevsjo@osteroy.kommune.no
- Irene Elvik, avdelingsleiar Osterøy bu- og avlastingtenesta, mob 95220372, irene.elvik@osteroy.kommune.no
Kontaktpersoner for stillingen
Tone Drevsjø
Avdelingsleiar Osterøy bu- og avlastingtenesta
+4793424017
Om bedriften
Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.
Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.
I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.
Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
419766eb-4fd5-410d-a13c-bfb1f48a288d
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10258127