Barne- og ungdomsarbeidar/ Miljøarbeidar
Dysjaland skule, Sola kommune
Tjeltavegen 1, 4054 Tjelta
Om jobben
- Stillingstittel
- Miljøarbeider
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 50%
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 7. juni
Vi har ledige stillingar i 50% vikariat som miljøarbeidar i SFO frå 01.08.2026.
Dysjaland skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule som ligg sør i Sola kommune. Skulen ligg i eit roleg og landleg område. Vi har eit funksjonelt og nytt uteområde med flotte idrettsanlegg som stor idrettshall, symjehall, kunstgrasbane og ballbinge i tilknyting til skulen. Det er òg mange fine turområde i nærleiken av skulen.
Skuleåret 2026/27 har skulen eit elevtal på om lag 390 elevar, og vi er ca. 100 barn på SFO. I det vaksne miljøet er det om lag 60 tilsette, inkludert avdelingsleiar på SFO og assistentar. Skulen har nynorsk som offisiell målform, men vi har bokmålsklassar på dei fleste trinna. Administrasjonen vår består av rektor, tre inspektørar, SFO-leiar og skolekonsulent.
Visjonen vår, Klok og Glad, representerer skulekulturen vår med fokus på kompetanse, sosioemosjonell meistring og skulemiljø. Skulen sine satsingsområde er eit trygt og godt skulemiljø, vurdering for læring og utvikling av inkluderande læringsmiljø. I begynneropplæringa driv skulen med utviklingsarbeid innan leikbasert læring. I det profesjonsfaglege læringsfellesskapet arbeider vi med å utvikle ein praksis som skal vere meir praktisk og variert. Skulen satsar på lesing i opplæringa frå 1.–10. trinn, og her er skulebiblioteket eit viktig element for elevar og tilsette.
Arbeidsoppgaver
- Oppfølging av elevar med særskilde behov.
- Som miljøarbeidar hos oss vil du ha ei sentral rolle i oppfølginga av elevar med spesielle behov og ulike utfordringar i kvardagen. Dette inneber å leggje til rette for meistring både fagleg og sosialt, og å vere ein trygg støttespelar som ser den enkelte eleven sine føresetnader. Arbeidet krev tett samarbeid med føresette, lærarar og andre støttefunksjonar for å sikre heilskapleg og god oppfølging.
Kvalifikasjoner
- Vi søkjer etter kandidatar med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller liknande utdanning
- Vi krev at du har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- God på relasjonskompetanse
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrifter henter du frå Vitnemålsportalen.
Har du utdanning frå utlandet må du legge ved godkjenning frå Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (hkdir).
Se også godkjenning av utdanning frå utlandet: https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Personlige egenskaper
Dysjaland SFO ser etter medarbeidarar med godt humør som har evna til å sjå positivt på det meste i livet.
Du er ein utprega lagspelar som ser betydninga av å gjere kvarandre gode.
Du er sjølvstendig, raus, høg arbeidsmoral og løysingsorientert.
Personleg eigenskap vil bli lagt stor vekt på i vurderinga av søkjarane.
Vi tilbyr
Vi har velferdsordningar og gode pensjons- og forsikringsordningar.Tilsetjing skjer på dei vilkåra og pliktene som går fram av utlysinga, og dei lovene, reglementa og tariffavtalane som til kvar tid gjeld.
Lønn i samsvar med lokal lønnspolitikk.
Kontaktinformasjon
Tina Byberg, SFO-Leder, 90400002Eivind Emblemsvåg, Rektor, +47 91772152
Arbeidssted
Tjeltavegen 14054 Tjelta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Sola kommuneReferansenr.: 5132186385
Stillingsprosent: 50%
Vikariat
Søknadsfrist: 07.06.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Tina Byberg
SFO-Leder
90400002
Eivind Emblemsvåg
Rektor
+47 91772152
Om bedriften
Sola kommune er en mellomstor kommune med nærmere 30 000 innbyggere og rundt 2 200 ansatte. Vi er en innovativ kommune, kjent for flotte strender og en rik kulturhistorie. Samlingen av Norge til ett rike skjedde trolig rett ved Ytraberget. Vil du bli med på å gjøre Sola til en enda bedre kommune å bo i?
Vi jobber for heltidskultur og ansetter fortrinnsvis i hele stillinger.
Opplysninger om søkere blir gjort offentlig tilgjengelig etter offentligloven § 25. Du må gi en begrunnelse hvis du ønsker å reservere deg fra å stå på offentlig søkerliste. Du får melding hvis reservasjonen ikke tas til følge.
For ansatte som yter tjenester etter helse- og omsorgstjenesteloven, barnehageloven og opplæringsloven må det foreligge tilfredsstillende politiattest. Sola kommune bruker digital innhenting av politiattest, og oppfordrer søkere å ha Digipost som digital postkasse.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
418fc37a-131a-455e-8fad-d326c7434af3
- Sist endret
22. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
10e9f355c93849c4909368ab4d145f45