Lærar med spesialpedagogisk utdanning
Sotra vidaregåande skule
Finkelhølsvegen 10, 5382 Skogsvåg, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærer med spesialpedagogisk utdanning
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Sotra vidaregåande skule er ein kombinert skule med ni ulike programområde innan yrkesfag og studiespesialiserande. Vi har i dag to skulestader, ein på Bildøy og ein i Sund, med 800 elevar og 150 tilsette. I tillegg er vi vaksenopplæringssenter for Askøy og Øygarden, med Ca 150 vaksne elevar på ulike program.
Sotra vgs skal i framtida lokaliserast i eitt nytt bygg på Straume.
Skulen legg vekt på å være nyskapande og berekraftig. Vi har som mål at alle elevane fullfører skulegangen med eit høgt læringsutbytte. Skulen er eit inkluderande felleskap der alle medverkar til fagleg og sosial utvikling. Vi har eit godt læringsmiljø der elevar og tilsette samarbeider om å skape ein læringsarena tufta på tillit og respekt for kvarandre.
Vi søkjer etter lærar med spesialpedagogisk utdanning i fast stilling
Arbeidsoppgåver
- Undervisning i tilrettelagte grupper og eventuelt Helse og oppvekstfag.
- Praktisk og teoretisk undervisning tilpassa elevane.
- Tett oppfølging av einskilde elevar i samarbeid med foresette og andre støttefunksjonar.
- Skape og utvikle opplæringa i samarbeide med elevar, kollega, og skuleleiing.
- Halde seg informert om utvikling i fagfeltet og legge til rette for overgang til tilrettelagt arbeid.
- Arbeide systematisk for at elevane skal lære, fagleg og sosialt òg for at dei skal meistre livet som sjølvstendige vaksne.
Kvalifikasjonar
- Allmennlærar eller yrkesfaglærar med spesialpedagogisk utdanning.
- Ønskjeleg med erfaring innan spesialpedagogisk arbeid i tilrettelagt opplæring.
- Ønskeleg med undervisningserfaring, men ikkje eit krav.
- Gode IKT kunnskapar generelt og fagleg.
- Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse.
Personlege eigenskapar
- Gode evner i møte med elever med særskilte behov og har et særleg ønske om å arbeide med denne elevgruppa.
- Vi ønskjer søkjarar med eit positivt syn på elevar, som er tydeleg vaksen og som er ein god rollemodell for ungdom.
- Du bidrar til elevanes faglege og sosiale utvikling.
- Du er fleksibel og ser moglegheiter.
- Å vere eigna for arbeid med ungdom med særskilte behov vil bli tillagt stor vekt.
- Du har gode ferdigheiter i kommunikasjon og relasjonsbygging, både overfor elevar og andre samarbeidspartar.
- Å være eigna for arbeid med ungdom med særskilte behov vert tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
- Løn etter kvalifikasjonar.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
- Inkluderande og godt arbeidsmiljø.
- Gode moglegheiter til eiga læring og utvikling.
- Ein ambisiøs, nyskapande og berekraftig arbeidsplass.
- Trimgrupper for tilsette.
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle tilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Den som blir tilsett må legge fram politiattest. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Kari Lund Birkeland, avdelingsleiar, 95819943Erik Henneli, assisterande rektor, 95826077
Olav Lee, rektor , 93034370
Arbeidsstad
Finkelhølsvegen 105382 Skogsvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4949317847
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 30.04.2025
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
417641d7-87d4-4081-9ad1-1d92fb46e756
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ee244b4528704c21a549d0766522ff92