Programfaglærar innan teknikk og industrifag - Sauda vgs
Rogaland fylkeskommune
Griegs gate 40, 4200 Sauda
Om jobben
- Stillingstittel
- Programfaglærar innan teknikk og industrifag
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest fredag 1. mai
Om stillinga
Sauda vidaregåande skule har ledig ei 100% fast stilling som programfaglærar innan teknikk frå 01.08.2026
Me er på jakt etter deg som ønskjer å bidra til det allereie gode faglege samarbeidet i teamet ved avdelinga, og som vil vere med på å skape eit trygt og godt læringsmiljø både for elevar og kollegaar.
Me ser etter deg som har følgjande kvalifikasjonar:
- Relevant fagbrev (industrimekanikar er førsteprioritet) og 4 års yrkespraksis
3-årig yrkesfaglærarutdanning (bachelor)
eller
- Relevant fagbrev, samt 4 års yrkespraksis
- 2-årig teknisk fagskule
Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)
Godkjend politiattest blir kravd ved tilsetjing. Personleg dugleik vil bli vektlagt
Dersom du finn denne stillinga interessant, men manglar delar av kompetansen, oppmodar me deg likevel til å søke.
Me ønskjer og at du:
- er fleksibel med tanke på arbeidsoppgåver og arbeidstid
- er flink på klasseleiing og kommunikasjon med elevar
- er ein god relasjonsbyggar til elevar, kollegaar og føresette
- har evne til å sjå potensialet til elevane
- har eit fagleg engasjement og bruker digitale verktøy i undervisninga
- har førarkort klasse B
Hos oss kan du sjå fram til mykje bra, og me tilbyr:
- utfordrande og spennande oppgåver i eit utviklande fellesskap
- høgt utdanna og trivelege kollegaer i eit tverrfagleg arbeidsmiljø
- ein raus organisasjonskultur der vi vil kvarandre vel, ser kvarandre og bidreg til fellesskapet
- gode faglege utviklingsmoglegheiter
- offentleg tenestepensjon og forsikringsordningar
- lønn etter gjeldande lov- og avtaleverk
Søknaden din bør innehalde:
- Søknadsbrev
- CV
- Legg ved vitnemål (hentet fra vitnemålsportalen.no) og attester.
- Ved utenlands utdannelse legg ved godkjenning fra direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (Hkdir)
Korleis søkje på stillingar hos oss
Du kan søkje på stillinga gjennom jobbsøkarportalen til Grade Jobbnorge. For å søkje må du ha din eigen jobbsøkarkonto.
CV-en blir fylt inn i det elektroniske CV-skjemaet som er tilgjengeleg i søknaden. Det er mogleg å laste opp vedlegg ved behov.
Sjå gjerne hjelpesenteret for jobbsøkjarar her: Grade Kunnskapsbase – Hjelp for jobbsøkjarar
Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde i samsvar med offentleglova § 25, andre ledd, sjølv om du har bede om å ikkje bli ført opp på den offentlege søkjarlista. Dersom du har bede om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du bli varsla før lista blir offentleggjort.
Me set stor pris på jobben du legg ned i søknaden din, og blir veldig glade om du som aktuell søkjar sender inn ein søknad til oss!
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
RRogaland fylkeskommune er ein av dei største arbeidsgivarane i fylket, med rundt 4300 tilsette. Me jobbar saman for eit grønt og attraktivt Rogaland. Vil du vere med og byggje eit betre Rogaland saman med dyktige og engasjerte kollegaer?
Vårt samfunnsoppdrag:
Rogaland fylkeskommune står overfor ei spennande tid, prega av både utfordringar og moglegheiter. Gjennom visjonen vår «Saman for eit grønt og attraktivt Rogaland»vil vi forplikte oss til å vere ei drivkraft for god samfunnsutvikling i heile fylket. Denne visjonen er grunnlaget for alt me gjer, og ho speglar målet vårt om å skape eit Rogaland som er attraktivt for både innbyggjarar og besøkande. Rogaland fylkeskommune vil mellom anna: bidra til utvikling av levande og attraktive byar, sentra og lokalsamfunn gjennom kompetanse, nettverksbygging, heilskapleg innsikt og gode prosessverktøy sikre utdannings- og kompetansemoglegheiter i heile fylket bidra til eit kortreist kvardagsliv gjennom samordna areal- og transportplanlegging bistå kommunane med å leggje til rette for ei kunnskapsbasert og heilskapleg bustadforsyning som både tek omsyn til effektiv arealbruk og bustadmangfald jobbe for gode og trafikksikre løysingar for gåande, syklande og dei som reiser kollektivt
Sauda vidaregåande skule
Sauda vidaregåande skule er ein kombinert skule med variert tilbod innan yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram. I tillegg har skulen førebuande tilbod for minoritetsspråklege elevar. Skulen har status som regionalt kompetansesenter i Indre Ryfylke og er samstundes eit opplæringssenter innan vidaregåande opplæring for vaksne. Det er om lag 450 elevar og 100 tilsette ved skulen. Skulen er den einaste vidaregåande skulen i Indre Ryfylke og er lokalisert tre ulike stader i to kommunar. Hovudavdelinga ligg på Lofthus i Sauda kommune. Dei andre ligg på Birkeland i Sauda kommune og Sand i Suldal kommune. Skulen har som mål at alle elevane skal trivast og lukkast med utdanninga og framtidsplanane sine. Skulen kan vise til gode resultat gjennom mange år og har ein kultur prega av engasjement, tillit, høg fagleg kompetanse og samarbeid i heile organisasjonen. Skulen søker nye og framtidsretta løysingar og tilbod. Fleire spennande nisjetilbod gjer at mange elevar flyttar til Sauda eller Sand på hybel og internat. Me fokuserer på å ta imot tilreisande elevar på ein god måte
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4162d639-30d0-4d49-9ffa-1a76af71fff7
- Sist endret
21. april 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10292224