FØRSTEAMANUENSIS ELLER PROFESSOR I GLOBAL HELSE
Universitetet i Bergen
Årstadveien 17, 5018 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Førsteamanuensis eller professor i global helse
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Engelsk eller skandinavisk
- Antall stillinger
- 2
Søk på jobben
Søk senest torsdag 27. november
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAFørsteamanuensis eller professor i global helse
Ved Det medisinske fakultet, er det ledig ein eller to fast(e) stilling(ar) (100 %) som førsteamanuensis eller professor i global helse ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin. Vi søkjer medarbeidarar som saman med tilsette ved instituttet vil bidra til framifrå forsking og undervisning. Institutt for global helse og samfunnsmedisin har eit eige Senter for internasjonal helse som er dedikert til forsking innan global helse, særleg på dei store gjenståande helseutfordringane i låginntekstland. Senteret har ansvar for fakultetet sitt masterprogram i global helse, men bidrar også med undervisning innan global helse i andre samanhengar på fakultetet og Universitetet i Bergen. Personane vi søkjer er i ein aktiv fase av karrieren. Våre føretrekte kandidatar er dei som kan og vil bidra til å styrke vår profil innan global helse i åra framover, har gode samarbeidsevner og vil bidra til eit godt arbeids- og studiemiljø. Fagleg tyngde innafor eit forskingsfelt som er viktig for senteret er ein føresetnad.Arbeidsoppgåver/forskingsområde:
Den som vert tilsett skal leie og initiere forskingsprosjekt, undervise og rettleie studentar og stipendiatar, samt ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer. Det vert forventa at den tilsette regelmessig sender søknadar tilrelevante nasjonale og internasjonale kjelder for forskingsfinansiering. Undervisningsplikta i stillinga er først og fremst knytt til fakultetets masterprogram i global helse, men personen som vert tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har. Det vert forventa høge ambisjonar og god kvalitet med omsyn til forsking og undervisning, samt aktiv deltaking i instituttet og fakultetet sitt strategiarbeid ogfaglege aktivitetar.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Kvalifiserte søkjarar har norsk doktorgrad i eit relevant fagfelt, eller tilsvarande kompetanse, har grunnutdanning i medisin eller andre helserelevante fagområde og fyller krav til utdanningsfagleg kompetanse. Den ideelle kandidaten publiserer på høgt internasjonalt nivå, kan vise til søknader og tilslag frå nasjonale og internasjonale finansieringskjelder for forsking og utdanningsarbeid, og har etablert, eller er i ferd med å etablere, eiga forskingsgruppe. Resultat oppnådd dei siste 5-7 år vil bli særleg vektlagt ved bedømminga. Den ideelle kandidaten har også erfaring med undervisning på bachelor- og masternivå eller i profesjonsutdanningar, og frå rettleiing av ph.d.-kandidatar. Erfaring frå ulike nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar, og evne til å etablere internasjonale nettverk vil telje positivt ved bedømminga, og detsame gjer også erfaring av og interesse for innovasjon. Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.
Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå retningsliner for oppretting av ei pedagogisk mappe på Eining for læring. Kravet er absolutt for professor medan førsteamanuensis vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing. Undervisningsspråket er i hovudsak engelsk, men det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 innan tre år etter tilsetjinga. UiB tilbyr norskopplæring og vil legge til rette for at språkkravet kan oppfyllast.
Vi tilbyr:
- Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
- Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
- Professor:
Løn er for tida kr 970 000 (kode 1013), eller løn for spesialist kr 990 000. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn. - Førsteamanuensis:
Løn er for tida kr 760 000 – 770 000 (kode 1011), eller løn for spesialist kr 770 000 – 805 000. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn. - God pensjonsordning i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- Søknadsbrev som fortel kvifor du søkjer stillinga
- Utfyllande CV samt relevante vitnemål og attestar
- Plan for eiga forsking dei neste fem åra (maks 5 A4-sider)
- Fullstendig publikasjonsliste
- Pedagogisk mappe
- Ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (høgst 10 for førsteamanuensis, høgst 15 for professor). For kvart arbeid skal det følgje med eit kort samandrag som omtalar dei viktigaste funna i arbeidet
- Dei vitskaplege arbeida frå punktet over i pdf-format
- Namn og kontaktinformasjon til minst to referansar
Generell informasjon:
Vi vil vurdere tilsetting av ein eller to personar etter vurdering av søkarane sine faglege profilar opp mot dei faglege behova for senteret framover. Utfyllande opplysningar om stillinga får ein ved å kontakte senterleiar professor Simon Øverland.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
414d97cc-d95d-4880-bdd0-6650eb00deff
- Sist endret
30. oktober 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10268462
Lignende annonser
Rådgjevar for HR-seksjonen ved Det medisinke fakultet
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Førsteamanuensis/førstelektor i universitetspedagogikk
Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Sted
Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal, Stord