Leiar for integrasjonsteam - ein nøkkelressurs i eit komplekst systemlandskap
Integrasjon, Helse Vest IKT
Bjørnsons gate 29, 5052 Bergen, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Leiar for integrasjonsteam
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 3. august
Helse Vest IKT har etablert eit integrasjonssenter med eit samla ansvar for koordinering, leveranse og forvaltning av integrasjonsløysingane, og er med sine 41 kunnskapsrike medarbeidarar eit viktig og etterspurt kompetansesenter i helsesektoren.
Helse Vest har eit av dei mest komplekse systemlandskapa på Vestlandet. Datasystem i helsevesenet har dei siste åra blitt heilt sentrale i pasientbehandlinga, og behovet for utveksling av data mellom systema er stort. Tilgang til kritiske helsedata for 1,2 millionar innbyggarar på ein enkel, men samstundes trygg og effektiv måte, har aldri vore viktigare.
Vi søkjer etter ein erfaren teamleiar med gode prosjektleiaregenskaperUtvikling og forbetring av integrasjonsløysingar blir drive av tre tverrfaglege integrasjonsteam, som samarbeider tett med alle interessentar og bidragsytarar. Teama består av prosjektleiarar, arkitektar, utviklarar, testleiarar og plattformforvaltarar. Vi søkjer no etter ein leiar for teamet med ansvar for integrasjonsløysingar til administrative støtteprosessar innan lager, forsyning, økonomi og sjukehusdrift. Sentrale system og tenester her er SAP og Omega365.
Du kjem inn i eit erfarent og veletablert team, i ei stilling som erstattar noverande innleigd teamleiar. Du vil få ansvar for å koordinere teamet sine leveransar og aktivitetar, samt vidareføre og utvikle teamet. Stillinga har eit fagleg fokus, og er utan personalansvar.
Høyrest dette ut som noko for deg? Søk no!
Du vil ha ansvar for:
Teamleiing:- Ivareta den gode teamkulturen
- Sørgje for god oppgave- og kapasitetsstyring, som reduserer kognitiv last
- Vere ein god motivator
Samarbeid og kommunikasjon:
- Vere eit kontaktpunkt og bindeledd inn mot teamet for resten av organisasjonen
- Sørgje for gode samarbeidsarenaer med andre team og interessentar
- Ha dialog med andre teamleiarar og samarbeide om ressursar som jobbar på tvers av fleire team
- Koordinere teamet sine aktivitetar og leveransar opp mot prosjekt og initiativ i organisasjonen
- Bidra til tydeleg ansvarsoppgang mellom teamet og alle involverte partar, inkl. system- og tenesteleverandørar
- Rapportere til behovseigar og bidra til felles forståing av føresetnader, avhengigheiter og utfordringar
- Følgje opp prioriteringsavklaringar med behovseigarar på vegne av teamet
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning innan IT. Arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
- Erfaring frå leiing av utviklingsprosjekt. Fortrinnsvis med integrasjonar
- Ønskjeleg med erfaring innan leverandørstyring og -samarbeid
- Ønskjeleg med kunnskap om produkttenking og -utvikling
- Ønskjeleg med leiarerfaring innan bruk av smidig metodikk og verktøy (eksempelvis Scrum, Azure DevOps, Jira)
I tillegg til formelle og faglege kvalifikasjonar, legg vi stor vekt på personlege eigenskapar.
Personlege eigenskapar
Du kjenner deg sjølv att i følgjande:
- Du har gode samarbeidsevner og er spesielt oppteken av å skape god dialog med behovseigarar og interessentar
- Du har gode logiske og analytiske evner, er løysingsorientert og jobbar strukturert
- Du er oppteken av folk, og likar å følgje opp det enkelte teammedlem, sikre at dei har det bra og at dei får brukt kompetansen sin saman med resten av teamet
- Du er oppteken av kvalitet
- Du er roleg og avbalansert, sjølv i hektiske periodar med mange ballar i lufta
- Du har evne til å sette tydelege mål og fokus for teamet, og sørgjer for god kommunikasjon både i teamet og med dei teamet samarbeider med
- Du formulerer deg godt på norsk, både skriftleg og munnleg
Vi tilbyr
- Eit skikkeleg bra arbeidsmiljø. Vi spelar kvarandre gode og har det gøy saman på jobb.
- Jobb i eit stort og tverrfagleg miljø i ein banebrytande bransje.
- Kvar dag er ulik. Vi har varierte og utfordrande arbeidsdagar med rom for fagleg og personleg utvikling. Hos oss får du jobbe med store og små oppdrag.
- Tilgang til Helse Vest sine kollektive avtalar og tilbod for tilsette.
- Fleksible ordningar med heimekontor, fleksitid og arbeidsveke på 37,5 timar inkl. lunsj.
- Flotte kontorlokale med svært god kollektivdekning (buss, bybane).
- Innandørs sykkelparkering.
- Løn etter avtale.
- Innplassering i stillingskode «Rådgjevar IKT» eller «Seniorrådgjevar IKT», avhengig av kvalifikasjonar.
- Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Bjørn Gunnar Lunde, Gruppeleder, +47 90659901Steinar Aslaksen Hamre, Seksjonsleiar, 91356369
Arbeidsstad
Bjørnsons gate 295052 BERGEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Vest IKTReferansenr.: 4976325891
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.08.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Steinar Aslaksen Hamre
Seksjonsleiar
91356369
Bjørn Gunnar Lunde
Gruppeleder
+47 90659901
Om bedriften
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
414d1cd0-95e9-447c-baf1-886ebc34b3e9
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ab2c691b8e494d39bfc4d8bc9488a449