Hopp til innhold

Læreplassar helsefagarbeider 2026

Arbeidsgiver

Øystre Slidre kommune

Sted

Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes

Om jobben

Stillingstittel
Læreplassar helsefagarbeider 2026
Type ansettelse
Lærling, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 12. april

Øystre Slidre kommune har  ledige læreplassar i helsearbeidarfaget frå hausten 2026.

Som lærling hjå får du ein plan for opplæringa, og du får mellom anna jobbe på institusjon, i heimetenesta, i tilrettelagte tenester og på dagsenter. Vi har dyktige og erfarne rettleiarar som kan hjelpe deg gjennom opplæringsløpet.  Vi har eit nytt helsetun, somligg sentralt på Heggenes. 
Som lærling skriv du lærekontrakt og arbeidsavtale. Du har dei same rettane og pliktene som andre arbeidstakarar i kommunen.
Etter 2 år som lærling går du opp til fagprøve. Øystre Slidre kommune er tilknytta Valdres opplæringskontor. 

Søkjarar til læreplass må sende søknad med vitnemål/karakterar frå Vg1 og Vg2 (kan leggast til i webcruiter). Gje ein kort beskriving av kven du er, og skriv gjerne kvifor du ynskjer læreplass i vår kommune.  

Søkjarar til læreplass blir vurdert fortløpande.

 

Arbeidsoppgåver

  • Ein helsefagarbeidar har varierte arbeidsoppgåver og har kontakt med menneske i ulike aldrar. Helsefagarbeidaren skal kunne yte profesjonell helsehjelp, og arbeidsoppgåvene vil variere etter pasienten/brukaren sitt behov 
  • Døme på oppgåver er: omsorg, miljøarbeid, praktisk pleie, ernæring, dele ut medisinar etter gjeldande rutine, og å bidra til at pasient/brukar kan meistre kvardagen og ha god livskvalitet
  • Som lærling får du god opplæring i dei oppgåvene ein helsefagarbeidar skal kunne utføre, slik at du kan gå opp til fagprøve når læretida er over.
  • Som helsefagarbeidar kan du mellom anna jobbe på  sjukeheim, heimeteneste, sjukehus, i psykiatrien og i rusomsorgen

Kvalifikasjonar

  • Bestått teori innan faget og registrert i VIGO
  • Det er krav om politiattest

Personlege eigenskapar

  • Du skal vere motivert for å vere lærling, og for å tileigne deg kunnskapen du treng gjennom læretida
  • Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting

Vi tilbyr

  •  Midlertidig tilsetjing i læretida på to år og løn som lærling
  •  Kvalifiserte og dyktige rettleiarar
  •  Eit hyggeleg læringsmiljø
  •  Eit variert og utfordrande arbeid

Kontaktinformasjon

Ingrid Nordli, Tenesteleiar institusjonstenester, +47 95940309

Arbeidsstad

Bygdinvegen 1989
2940 HEGGENES

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune

Referansenr.: 5091224339
Stillingsprosent: 100%
Lærling
Søknadsfrist: 12.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Ingrid Nordli

Tenesteleiar institusjonstenester

+47 95940309

Om bedriften

Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter. 

Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge.  Velkommen til rein naturglede!

Reiseliv og jordbruk er blant dei største  næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.

Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt  tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu. 

Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.

Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

41372286-d384-4949-b1af-de099e7c4661

Sist endret

12. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

7cad7fcb41b44b00a8e7c478200df447

Lignende annonser

Laster lignende annonser