Er du sjukepleiar eller vernepleiar som vil ha nye utfordringar?
Vindafjord kommune Rus og psykiatri
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen
Om jobben
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 60%
- Arbeidstid
- Dagtid
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 5. januar
Vi i psyksk helse og rus tenesta i Vindafjord arbeider for å gi heilskaplege og individuelt tilpassa tenester til menneske med psykiske helseutfordringar og/eller rusproblem. Målet vårt er å bidra til auka livskvalitet, meistring og inkludering. Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt og engasjert team som set brukaren i sentrum.
Kva får du jobba med hos oss?
Psykisk helse og rus:
Behandling, miljøarbeid, gje støtte, råd og rettleiing til vaksne med psykiske lidingar og deira pårørande, koordinering/oppfølging, individuelle samtalar, medisinoppfølging, deltaking i ansvarsgruppe, rettleiing og undervisning til anna personale, IP, samarbeid med andre tenester kommunale og interkommunalt mm.
Helseavdelinga Sandeid fengsel:
Behandling, individuelle samtalar, medisinoppfølging, laboratorieoppgåver, oppfølging/koordinering, samarbeid med andre instansar i fengselet og eksternt.
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar.
- Kandidatar med vidareutdanning i psykisk helse og rus oppfordrast til å søka.
- Arbeidserfaring innan psykisk helse og rus feltet er ein fordel.
- Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.
- Reflektert, engasjert og løysingsorientert.
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, samt relasjonelle ferdigheiter som gjer ein i stand til å snakke med brukarar, deira pårørande, kollegaer og samarbeidspartnarar.
- Robust, trygg og open personlegheit.
- God arbeidskapasitet, er utholdande og tolmodig.
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i saman med andre.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Andre opplysningar:- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
- Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse.
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
411cb2a5-493e-4732-abf2-82a6b70cedcd
- Sist endret
18. desember 2025
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3575477_229845_nn
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Vindafjord kommune Rus og psykiatri
Sted
Ølen
Miljøarbeidar/Miljøterapeut
Arbeidsgiver
Vindafjord kommune Rus og psykiatri
Sted
Ølen
Me søkjer sjukepleiar på legevakt!
Arbeidsgiver
Vindafjord kommune Helse
Sted
Ølen