Har du lyst til å jobbe med rekruttering og HR?
Rådgivar HR // Nav fylkeskontor Vestland
C. Sundts gate 29, 5004 Bergen, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Rådgivar HR
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 17. august
Blir du motivert av å støtte leiarar med å finne dei rette kandidatane og bidra til at nytilsette får ein god start i ny jobb? Klør du i fingrane når du ser ei dårleg stillingsannonse og tenker at du kunne gjort den enda betre? Då kan det vere dette er noko for deg!
Avdeling for HR og organisasjon i Nav Vestland ønsker å forsterke HR-teamet med ein ny HR-rådgivar som skal jobbe med rekruttering, oppstartaktivitetar for nytilsette (onboarding), arbeidsgivarprofilering (employer branding) og personaladministrative oppgåver.
Rekruttering er eit område vi er opptekne av i Nav Vestland. Vi synest rekruttering er gøy, og ønsker å gjere kandidatopplevinga enda betre. Dei siste åra har vi jobba med å forbetre rekrutteringsprosessen vår, og vi har store ønsker for kva vi skal få til saman framover!
Vi ser for oss at du har tankar rundt kva som er ein god og effektiv rekrutteringsprosess, og at du er oppteken av at søkarane til våre stillinger får ei god oppleving gjennom heile prosessen. Du held deg oppdatert på nyhende innan rekrutteringsfeltet, har idear til forbetringsområde og tek ansvar og initiativ til endringar. Du vil jobbe med heile rekrutteringsprosessen fra start til slutt, og vi ser for oss at du har god erfaring frå dette området. Det vi tenker er essensielt er at du blir motivert av å samarbeide tett med leiarar og bidra til å profesjonalisere rekrutteringsprosessane våre.
Arbeidsoppgåver
- Bistå leiarar med rekrutteringsprosessen fra A til Å
- Bistå leiarar med å lage gode stillingsannonser og rettleiing i samband med publisering av annonser
- Jobbe med å profesjonalisere rekrutteringsområdet
- Kvalitetssikre og dokumentere rekrutteringsprosessar
- Jobbe med profilering av Nav som arbeidsgivar, delta på karrieredagar m.m.
- Lage gode oppstartsrutiner for nytilsette
- Bidra i arbeidet med utvikling og forbetring av arbeidsprosessar, rutiner og retningslinjer for HR og rekruttering
- Rettleie leiarar med å skrive innstillingar og følge opp behandling av saker i Nav Vestland sitt tilsettingsråd
- Personaladministrative oppgaver
Andre oppgåver innen HR-feltet kan bli aktuelle.
Kvalifikasjonar
- Utdanning på minimum bachelornivå innan fag som til dømes HR, samfunnsfag, organisasjonsfag eller liknande. Relevant utdanning og/eller erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- God erfaring innanfor rekruttering
- Kunnskap om arbeidsgivarprofilering og bruk av sosiale medier i annonsering av stillingar
- God digital kompetanse og evne til å sette deg raskt inn i nye system
Det er ein fordel om du og har:
- Kunnskap om gode prosessar for oppstart av nytilsette
- Erfaring frå offentleg verksemd og kjennskap til kvalifikasjonsprinsippet i staten
- Kjennskap til og interesse for inkludering og mangfald i rekrutteringsprosessar
- Kjennskap til LEAN som arbeidsmetodikk
Vi ser etter deg som
- Tek ansvar og initiativ, og er oppteken av å levere gode resultat
- Trivst med skrivearbeid, har eit godt språk og gode kommunikasjonsferdigheter, både muntlig og skriftlig på norsk
- Kan veksle raskt mellom ulike arbeidsoppgåver, kan prioritere mellom oppgåver og som trivst i eit hektisk miljø
- Er trygg i rolla som rådgivar og flink til å bygge tillit hos samarbeidspartnarar
- Er ein lagspelar som bidreg både i teamet og på tvers av fagområder
Som tilsett hos oss får du
- Ei spennande stilling i eit godt arbeidsmiljø prega av høg kompetanse og engasjerte medarbeidarar
- Store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og mogelegheit for trening i arbeidstida
- God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
- Stillinga blir plassert i stillingskode 1434 rådgivar/1364 seniorrådgivar etter ei vurdering av kvalifikasjonar og erfaring. Lønsspennet er frå kr. 650 000 til kr. 750 000 per år. For særs kvalifiserte søkarar kan noko høgare lønn vurderast.
Les meir om Nav som arbeidsgivar
Kontaktinformasjon
Kathrine Martinsen, Avdelingsdirektør HR og organisasjon, 402 39 734, Kathrine.Martinsen@nav.noArbeidssted
C. Sundts gate 295004 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NAVReferansenr.: 4991274998
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
40eb56d7-d8b4-485a-83d6-4ad2e2404c60
- Hentet fra
talentech
- Referanse
de71b104af5b4f9aa15fc9d9affc112b