Hopp til innhold

Rekneskapsførar søkes til Fylkesnes Bil

Arbeidsgiver

FYLKESNES BIL A/S

Sted

Heiane 31, 5412 Stord

Om jobben

Stillingstittel
Rekneskapsførar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk snarest mulig

Fylkesnes Bil har vore ein del av Sunnhordland i over 50 år.

Frå våre moderne anlegg på Heiane er vi ein lokal og folkeleg bilforhandlar med sterke merkevarer, dyktige medarbeidarar og eit stort engasjement for kundane våre.

Kvar dag jobbar vi for å gi gode opplevingar -- både til kundar og kollegaer.

No ser vi etter ein rekneskapsførar til å styrkje økonomiavdelinga vår.

Som regneskapsførar får du ein variert arbeidskvardag, tett samarbeid med kollegaer på tvers av organisasjonen og moglegheita til å vere med og påverke korleis vi jobbar framover.

Arbeidsoppgåver
  • Løpande rekneskapsføring frå A til Å

  • Avstemming og kvalitetssikring av rekneskap

  • Fakturering og oppfølging av kundar og leverandørar

  • MVA-rapportering og offentleg rapportering

  • Månads- og årsavslutning

  • Bidra i budsjett- og rapporteringsarbeid

  • Delta i utvikling og forbetring av rutinar og prosessar

  • Andre økonomi- og administrasjonsoppgåver ved behov

Kvalifikasjonar vi ser etter

Vi ser etter deg som er strukturert, nøyaktig og trivst med ansvar.

Samstundes er du ein lagspelar som likar å samarbeida med menneske på ulike nivå i organisasjonen.

Vi ser gjerne at du har:

  • Utdanning innan rekneskap, økonomi eller revisjon

  • Erfaring frå rekneskap eller økonomiarbeid

  • God systemforståing og interesse for digitale verktøy

  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

  • Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.

Kvifor velje Fylkesnes Bil?

Hos oss blir du ein del av eit jordnært og inkluderande arbeidsmiljø der folk bryr seg om kvarandre.

Vi har korte beslutningsvegar, høg grad av tillit og stor tru på at dei beste resultata kjem når folk trivst på jobb.

  • Ei sentral rolle i ei solid og framtidsretta verksemd

  • Varierte arbeidsoppgåver og stor grad av sjølvstende

  • Eit godt fagmiljø med dyktige kollegaer

  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling

  • Konkurransedyktige vilkår

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar med behandlingsavtale

  • Eit sosialt og triveleg arbeidsmiljø

  • Personalrabattar

  • Kantineordning

Interessert?

Har du spørsmål om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt for ein uforpliktande prat.

Vi vurderer søknader fortløpande og oppmodar interesserte kandidatar til å søkja så snart som mogleg.

Ring eller skriv til økonomileiar Jonas Engelsen Landro (926 03 270 -- jonas.landro@fylkesnesbil.no) for meir info, eller send søknad til jonas.landro@fylkesnesbil.no.

Om bedriften

Fylkesnes Bil er den største bilforhandlaren i regionen og held til på industriområdet Heiane på Stord.

Vi forhandlar merkene Mercedes-Benz, Peugeot, Mitsubishi og Hyundai, og har eit stort utval av bruktbilar.

I tillegg til merkeverkstad for våre merke tilbyr vi bilutleige, RIIS Bilglass, Mekonomen-verkstad, skadeoppretting og lakkverkstad.

Vi har to avdelingar på Heiane på Stord, og er ein del av eit større bilkonsern.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

40d53779-ae18-4b50-9ed9-9629b97e36bd

Sist endret

9. juni 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

466014795

Lignende annonser

Laster lignende annonser