ID 990 Avdelingsleiar 100% stilling ved Fitjar bu-og behandlingssenter, somatisk avdeling
Fitjar Bu- Og Behandlingssenter Somatisk Avdeling
Fitjar, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleder
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 13. april
Me søkjer ein engasjert og dyktig avdelingsleiar til vår somatiske avdeling. Som avdelingsleiar vil du ha ansvar for å leie og utvikle eit tverrfagleg team, samt sørge for at avdelinga leverer tenester med høg kvalitet til våre pasientar. Du vil også vere ein sentral bidragsytar i den vidare utviklinga av avdelinga, med fokus på effektivitet, kvalitet og pasienttryggleik.
Arbeidsoppgåver:-
Leiing og utvikling av somatisk avdeling, herunder personalansvar og ressursforvaltning
-
Sikre at tenestene som vert levert, held høg kvalitet og er i tråd med gjeldande lovverk og retningslinjer
-
Delta i strategisk planlegging og utvikling av avdelinga
-
Vere ein pådrivar for eit godt arbeidsmiljø og høg medarbeidarnøgdheit
-
Følgje opp økonomiske rammer og budsjetter for avdelinga
-
Ivareta samarbeidet med andre avdelingar og eksterne aktørar
-
Ha ansvar for rapportering og dokumentasjon knytt til avdelinga
-
Bachelor i sykepleie.
-
Leiarutdanning eller relevant erfaring frå leiing
-
Erfaring frå somatisk helsearbeid.
-
Gode leiareigenskapar og evne til å motivere og utvikle teamet ditt
-
Kjennskap til økonomistyring og ressursforvaltning
-
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
-
Kjennskap til turnusplanlegging og ressursforvaltning
-
Evne til å handtere utfordringar på ein konstruktiv og løysingsorientert måte
-
God kjennskap til helse- og omsorgstjenestelova og andre relevante lovverk
-
Ei spennande og utfordrande leiarstilling i ein dynamisk organisasjon
-
Mogelegheit for fagleg og personleg utvikling
-
Gode pensjons- og forsikringsordningar
-
Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente kollegaer
-
Konkurransedyktige betingelsar
-
Du vil få stillingskode 7458 for leiar med særaldersgrense då ein og deltar i pasientnært arbeid.
Me ser fram til å høyre frå deg
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Fitjar er ein øykommune som ligg vakkert til på nordsida av øya Stord i Sunnhordland. Her finn du framleis urørt kystlandskap, ein unik skjærgard med idylliske vikar og omlag 380 øyar, holmar og skjær. På øya er det mange flotte, merka turstiar i som er mykje nytta.
Visit Fitjar inneheld informasjon om ymse aktivitetar i Fitjar.
Litt informasjon om Fitjar turistinformasjon: Fitjar turistinformasjon | Tourist Information | Fitjar | Norway (visitnorway.no)
www.visitsunnhordland.no inneheld mykje informasjon om reisemål, aktivitetar og tenester i Sunnhordland.
Fitjar er ein framtidsretta kommune med spanande moglegheiter. Kommunen har ca. 3200 innbyggjarar. Gode buforhold, eit levande lokalsamfunn og eit næringsliv i utvikling er viktige grunnsteinar i kommunen vår.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2894122
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
40c1d51c-6bf5-4186-ad96-e272d9a9e1e1