Ergoterapeut/spesialergoterapeut
Ortopedisk klinikk/ Ergoterapiavdelinga, Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ergoterapeut / spesialergoterapeut
Oppstart
1. september 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 20. mai
Ergoterapiavdelinga er ei avdeling i Ortopedisk klinikk som yter tenester til kliniske avdelingar i Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus. Vi legg vekt på ei god fagleg teneste, kontinuitet for pasientane og eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette.
Vil du vere med å forme geriatritilbodet i Helse Bergen og gi den beste behandlinga til eldre, skrøpelege pasientar med akutt funksjonssvikt eller akutte infeksjonar?
Vi har ledig 2 x 100% faste stillingar for ergoterapeut/spesialergoterapeut
1. september 2025 opnar geriatrisk sengepost ved Medisinsk klinikk. Sengeposten vil ha åtte akuttgeriatriske senger og seks senger for behandling av eldre pasientar med infeksjon. Med dette ønskjer sjukehuset å etablere eit solid fagmiljø og eit godt behandlingstilbod for akutt sjuke eldre pasientar. Det vert bygd opp eit nytt tverrfagleg team beståande av lege, sjukepleiar, helsefagarbeidar, fysioterapeut og ergoterapeut. Geriatriske pasientar innlagt ved andre avdelingar i sjukehuset vil også inngå i tilbodet og det vil i tillegg vere aktuelt med eit poliklinisk tilbod til pasientgruppa.
Bli med frå starten! Dette er ei unik moglegheit til å vere med å skape eit trygt og sterkt arbeids- og fagmiljø frå dag éin i tett samarbeid med resten av det tverrfaglege teamet.
Arbeidsoppgåver
- Vurdering av ADL funksjon
- Tidleg mobilisering/rehabilitering
- Vurdering av hjelpebehov og utreiseplanlegging
- Rettleiing og støtte til pasientar og pårørande, inkludert informasjon om behandling og rehabilitering
- Samhandling med tverrfagleg team og 1. linjetenesta
- Dokumentasjon av pasientopplysningar i elektronisk pasientjournal (DIPS Arena)
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø og kontinuerleg kvalitetsforbetring
- Undervisning og rettleiing av studentar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som ergoterapeut
- Relevant etter- og vidareutdanning er ein fordel
- Erfaring frå spesialisthelsetenesta eller anna erfaring med pasientgruppa er ein fordel
- Erfaring frå tverrfagleg samarbeid er ein fordel
- Erfaring frå utviklingsarbeid er ein fordel
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
- Du er fagleg engasjert med interesse for geriatri og ønskjer å bidra til kvalitetsutvikling og fagleg vekst
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Du er effektiv og initiativrik
- Du er ansvarsbevisst i arbeidsutføring og arbeider sjølvstendig
- Du er fleksibel og løysingsorientert
- Du har gode samarbeidsevner og trivst i eit tverrfagleg miljø
- Du har gode kommunikasjonsevner
- Du er personleg egna til stillinga
Vi tilbyr
- Aktivt og støttande arbeidsmiljø med gode kollegaer
- Arbeid og utvikling i eit team med fokus på geriatri
- Varierte og spennande arbeidsdagar
- Vi legg til rette for kurs, rettleiing og kompetanseutvikling innan geriatri
- Tett samhandling i tverrfagleg team der ein støttar, lærer av og utviklar seg saman
- Løn og stillingstittel i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
Kontaktinformasjon
Silje Nødtvedt, Seksjonsleiar, 47878496Bodil Stokke, Avdelingssjef, 55975008
Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 4965520726
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.09.2025
Søknadsfrist: 20.05.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Silje Nødtvedt
Seksjonsleiar
47878496
Bodil Stokke
Avdelingssjef
55975008
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2933587
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4cb0ab8712d34b6db9128b4394125be6