Driftskoordinator i tenesteområdet Helse- og omsorg
Vågå Kommune Helse Og Omsorgssektoren
2680 Vågå, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Koordinator av normer og strandarder
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 17. januar
For å ta vare på dei stadig aukande arbeidsoppgåvene knytt til logistikk, teknologi og koordinering er det behov for ein driftskoordinator som er dedikert til tenesteområdet Helse- og omsorg. Stillinga er ei 100% fast stilling med arbeidstid på dagtid.
Driftskoordinatoren er organisatorisk plassert under tenesteleiar Helse- og omsorg
ArbeidsoppgåverDriftskoordinator skal ha eit spesielt ansvar for:
utvikling, vedlikehald og implementering av planverk innan branntryggleik, beredskap og evakuering.
logistikk for lagerbehaldning kring utstyr som ikkje er knytt til medisinsk utstyr (kontorrekvisita og liknande).
oppretting av tilgangar i ulike driftssystem.
å koordinere ikkje-helsefaglege oppgåver og stillingar
Driftskoordinator skal også koordinere samarbeid med:
teknisk/kommunal eigedom/driftsoperatør
leverandørar av velferdsteknologi (i samspel med velferdsteknologikoordinator og kommunalsjef). I dette ligg oppgåver knytt til oppsett av nytt utstyr, drift og vedlikehald.
Anna:
Vere kontaktpunkt for IT. Her ligg oppgåver innan oppsett av nytt utstyr, drift og vedlikehald.
Andre driftsoppgåver kan bli tillagt stillinga
Ved ledig kapasitet kan det opnast for tilsvarande oppgåver i tenesteområdet Miljøterapitenesta.
Da dette er ei nyoppretta stilling kan det bli endringar eller andre relevante oppgåver bli lagt til stillinga
Kvalifikasjonar:Erfaring frå liknande oppgåver er ønskjeleg. Vi vil legge til rette for kompetanseheving på områder det eventuelt er behov for påfyll.
Kompetanse og komfortabel med å arbeide med fleire ulike digitale system
Norskkunnskapar tilsvarande minimum B1 -- munnleg og skriftleg
Førarkort klasse B er ønskjeleg
Personlege eigenskapar:Må kunne arbeide sjølvstendig, nøyaktig og systematisk
Serviceinnstilt og initiativrik
Evne og vilje til utvikling, omstilling og bruk av digitale løysingar
Gjennomføringsevne
Løysingsorientert
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Evne til å skape tillit, samt følgje rutinar og lovverk
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi kan tilby:Eit spennande arbeidsfelt i stadig utvikling
Arbeid i tverrfagleg team
Kompetanseheving
Eit godt fagmiljø og gode kollegaer
Pensjonsordning via KLP
Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk.
Administrasjonsspråket i Vågå kommune er nynorsk.
Spørsmål kan rettast til tenesteleiar Hanne Stokke Moen på tlf. 948 65 287 e-post: hanne.stokke.moen@vaga.kommune.no eller kommunalsjef Thomas Rannstad Haugen på tlf. 970 10 982 eller e-post thomas.rannstad.haugen@vaga.kommune.no
Søknad skal sendast som elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.
Søknadsfrist 17.01.2025Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksam på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vågå kommune ligg i Nord- Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane, omtrent midt mellom Oslo og Trondheim, med ei reisetid til begge på knappe 4 timar, så vel med bil som med tog eller buss. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt utbygd servicetilbod. Vågå kommune har ca. 3.550 innbyggjarar, eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit allsidig og rikt kulturliv.
Vi meiner at det er viktig å ha ein god balanse mellom jobb og fritid - med ei passe mengde arbeidsoppgåver. Er du glad i friluftsliv kan du kople av i både skog og fjell: det finst gode fiske- og jaktmoglegheiter. Den rurale bygda har i tillegg fleire idrettslag med idrettsarenaer, fotballbaner og idrettshall med klatrevegg, skiløypenettverk og alpinsenter, og byr også på meir urbane tilbod som kulturhus, kino og galleri.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2817872
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
407a3133-8869-454f-9e63-bcc24fdb39c9