Hopp til innhold

Gloppen Hotell søkjer restaurantsjef med hjarte for godt vertskap

Arbeidsgiver

Gloppen Hotell

Sted

Sørstrandsvegen 16, 6823 Sandane

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Gloppen Hotell søker restaurantsjef med hjarte for godt vertskap
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk, skandinavisk eller engelsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Vil du vere vår restaurantsjef?

Vi søker ditt smil og hjelpande hender. Gloppen Hotell er kjent for sin gode mat, avkoblande omgjevingar og personlege service. Vi ønsker at våre gjestar skal oppleve godfølelsen hos oss. Som restaurantsjef er du sentral i gjesteopplevinga og som formidler av hotellet sine fine historier. Du liker å vere blant gjester, ønskjer å ta ansvar for å leie og inspirere teamet til å levere service på eit høgt nivå. Du har lidenskap for mat, øl og vin, og du deler med glede av din kunnskap og erfaring. Du vil vere ein sentral person i kommunikasjon mellom avdelingane.

Vi ser etter deg som er positiv, entusiastisk og engasjert, og som har ambisjoner på vegne av deg sjølv og Gloppen Hotell. Det er viktig at du kan stå bak filosofien vår og at fokuset på så bærekraftig drift som mogleg alltid er med deg. Du er servicebevisst, har god formidlingsevne og er glad i kontakt med gjestene.

Vi søker deg som:

  • likar å vere der det skjer og er fleksibel.

  • brenn for godt vertskap og blir motivert av gode tilbakemeldingar.

  • trivast med å ha mykje å gjere heller enn lite, men er kreativ i stille periodar.

  • er ein lagspelar, men kan jobbe sjølvstendig og ta ansvar.

  • er god til å kommunisere skriftleg og munnleg, både på skandinavisk og engelsk.

Vi tilbyr deg:

  • ei spennande stilling med ansvar, utfordingar og flotte kollegaer.

  • sommelierutdanning til den rette kandidaten.

  • medlemsfordelar i kjeden, Classic Norway Hotels.

  • eit kvardagsliv i vakre Gloppen.

  • deltaktig i vidareutvikling av hotellet.

Dette er ein arbeidsplass der du kan vokse og utvikle deg. Det er ein fordel med tidligare erfaring og at du har jobba i restaurant eller hotell tidlegare.

Vi ser etter deg som er nøyaktig og har auge for detaljar. Du er allsidig og kan halde i fleire oppgåver, og du ser verdien av god, tydeleg og effektiv kommunikasjon med team og kollegaer i alle ledd. Vi kan tilby eit fint arbeidsmiljø med gode verdiar, der du vil ta del i varierte arbeidsoppgåver og få stor tillit. Det er ei forutsetning at du ynsker å handtere ei arbeidsfordeling mellom operativt og administrativt arbeid.

Kan du tenke deg å jobbe hos oss? Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat.

Vi gler oss til å høyre frå deg!

Smil frå team-Gloppen Hotell :)

Om bedriften

Du finn Gloppen Hotell blant ikoniske fjelltoppar og glitrande fjordar, i Nordfjord -- midt i Fjord Norge. Vi er kjent for vår heimelaga mat, personlege service, avkoblande atmosfære og store aktivitetstilbod. Hotellet har gode konferansefasilitetar, samt 60 hotellrom frå tre forskjellige århundre. Hotellet er i stadig utvikling og vi søker no etter ein ny, motivert kollega som vil vere med i eit dynamisk, ungt og utviklingsorientert team.

Sektor

Privat

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

40722ba1-c9c2-4dc8-a3d3-2e435e4e3fe6

Sist endret

1. januar 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

40722ba1-c9c2-4dc8-a3d3-2e435e4e3fe6

Lignende annonser

Laster lignende annonser