Lege i spesialisering i Nevrologi, faste stillingar og årsvikariat
Nevroklinikken/ Nevrologisk avdeling, Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Lege i spesialisering i Nevrologi, faste stillingar og årsvikariat
Oppstart
1. september 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
6
Søk på jobben
Søk senest søndag 27. april
Hei, vi utviklar Nevrologien på Haukeland – vil du vere med på laget?
Nevrologi er eit spennande, allsidig og travelt fag. Kunnskap om hjernehelse er aukande etterspurt i samfunnet. Vi løyser utfordringar saman på tvers av yrkesgrupper. Vi tar raske avgjerder der det trengs, og gjer djupdykk i pasienthistoriar og litteratur for å avklare komplekse tilstandar. Godt, tverrfagleg samarbeid er avgjerande for resultatet, og vi jobbar støtt med å finne betre måtar å løyse oppgåvene på.
Som svar på aukande behov, har Helse Bergen satsa på forsterka nevrologiske tenester, med auka ressursar til nevrologisk forvakt frå våren 2025. Vi har delte dag- og nattevakter.
Nevrologisk avdeling har glede av å lyse ledig 3 faste stillingar og 3 vikariat for lege i spesialisering (LIS 2/3) i Nevrologi. Oppstart for stillingane er 01.09.2025 eller etter avtale. Ved intern tilsetting i fast stilling, kan fleire vikariat bli ledig, og vikariat som LIS 2/3 kan som regel forlengast og føre fram til spesialisering. Fast stilling vil bli omgjort til stilling som legespesialist etter fullført spesialisering.
Nevrologisk avdeling er del av Nevroklinikken, som òg famnar om Nevrokirurgi og Klinisk nevrofysiologi, slik at heile spesialistutdanninga i Nevrologi kan gjerast her. Som LIS i avdelinga blir du involvert i forbetringsarbeidet i avdelinga, og om du får vekt interesse for spesifikke felt innanfor nevrologien, er det god anledning for fordjuping undervegs i spesialiseringa. Lenke til utdanningsplan Nevrologi HUS
Om du er interessert i forsking, er det god anledning for å kombinere klinisk spesialisering og forskarutdanning inkludert PhD. Vi har nasjonalt leiande forskingsmiljø innanfor fleire nevrologiske fagfelt knytt til avdelinga. Lenke til Nevrologiske forskningsgrupper HUS/UiB
Cand.med. som ventar på å gjennomføre LIS1 kan og bli vurdert for vikariat hos oss dersom det ikkje er kvalifiserte søkarar. Som Cand.med. i LIS-vikariat får du grupperettleiing på utfordringar i rolla som nyutdanna lege, og du får tilpassa oppgåver i forhold til erfaring og kompetanse.
Vi vil at LIS skal få utvikle klinisk kunnskap og erfaring på ein trygg måte, der ein gradvis arbeider meir sjølvstendig, med god tilgang på råd og rettleiing undervegs. Leiinga for legegruppa arbeider saman med dei tillitsvalde og legekollegiet for å skape eit godt fag- og arbeidsmiljø basert på samhald, fag- og arbeidsglede og gjensidig respekt.
Helse Bergen legg vekt på å skape sunne og trygge arbeidsplassar i sjukehuset og ved Nevrologisk avdeling legg vi til rette for dette. Vi legg til rette for fleksibilitet i arbeidskvardagen, til dømes fagleg fordjuping heime, der det er mogleg.
Arbeidsoppgåver
- Vurdering og oppfølging av pasientar i vakt og på sengepost
- Inngå i eit tverrfagleg samarbeid for å gi pasientar best mogleg opphald på avdelinga
- Gi god omsorg for pasient og pårørande
- LIS2/3 deltar i poliklinisk vurdering av pasientar under supervisjon
- Deltaking i internundervisning og praktisk undervisning for legestudentar
- Involvering i forbetringsarbeidet i avdelinga
Kvalifikasjonar
- Den som blir tilsett som LIS 2/3 må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS stilling i nevrologi
- For vikariat kan Cand.med. som ventar på å gjennomføre LIS1 òg søke og vil bli vurdert dersom det ikkje er nok kvalifiserte søkarar
- Søkar må meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg
- Det blir lagt vekt på relevant arbeidserfaring og fagleg motivasjon
Personlege eigenskapar
- Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønsker å vidareutvikle kompetansen din
- Du trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
Vi tilbyr
- Fagleg utvikling
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Petter Schandl Sanaker, Avdelingsjef, 55976059Carolin Sparchholz, LIS-tillitsvald, 94185532, carolin.sparchholz@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 4948212380
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Startdato: 01.09.2025
Søknadsfrist: 27.04.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Petter Schandl Sanaker
Avdelingsjef
55976059
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2908787
- Hentet fra
talentech
- Referanse
41f02070d3534cc5b7405d42ceab8831