Har du faga engelsk, musikk og/eller mat&helse?
Hå kommune Vigrestad storskule
Langgata 91, 4362 Vigrestad
Om jobben
- Stillingstittel
- Lærar
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 60%
- Arbeidsspråk
- Norsk eller skandinavisk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 12. desember
På Vigrestad storskule er det ledig eit 60 % vikariat som faglærar på ungdomstrinnet frå 01.01.2026 - 31.07.2026, med moglegheit for å halda fram vidare. Du har gjerne faga engelsk, musikk og/eller mat&helse.
Me jobbar med å utvikla eit endå tryggare skulemiljø og med å tilpassa og variera undervisninga. Me vil gjerne ha deg med på laget. Som tydeleg og omsorgsfull klasseleiar får du vera med å utvikla Vigrestad storskule.
Vigrestad storskule er ein 5.-10. trinn skule, med omlag 270 elevar og 45 tilsette. Det er to avdelingar ved skulen, ei for mellomtrinn og ei for ungdomstrinn. Avdelingane har kvar sin leiar, som i tillegg til rektor utgjer leiargruppa.
Utdanning:
- Du er kvalifisert til å jobba på ungdomstrinnet, gjerne med ei 5.-10. trinnsutdanning.
- Du har 60 studiepoeng i engelsk og/eller 30 studiepoeng i musikk og mat&helse.
- Utdanning i, eller erfaring med spesialpedagogikk er ein fordel.
Personleg eignetheit vil bli vektlagt og kan saman med relevant erfaring kompensera for manglande kvalifikasjonar. Du må vera ein god klasseleiar. Stillinga kan delast opp og passa for studentar.
Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.
Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.
Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
40630080-b6a2-4f1b-b90b-89aeef7d6d0c
- Sist endret
5. desember 2025
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3572041_194345_no
Lignende annonser
Ringevikar ATO
Arbeidsgiver
Hå kommune ATO Bø skule
Sted
Nærbø
Arbeidsgiver
Skeiane ungdomsskole, Sandnes kommune
Sted
Sandnes
Arbeidsgiver
Klepp kommune, Kleppe skule
Sted
Kleppe