Kommunaltekniker - 100 % fast stilling
Vang Kommune, Landbruk og teknisk
Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres
Om jobben
Stillingstittel
Kommunaltekniker - 100 % fast stilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 23. mars
Dei kommande åra har Vang kommune store og spennande prosjekt. Kommunen har nye investeringar framfor seg samstundes med eit auka fokus på fornying og vedlikehald av eksisterande infrastruktur, og søkjer derfor etter ein kommunaltekniker.
Vi tilbyr:- Løn etter avtale
- Svært interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i ei verksemd med eit viktig samfunnsoppdrag
- Tverrfagleg og profesjonelt miljø med hyggjelege kollegaer
- Fleksibel arbeidstid
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- I Vang er det godt å bu! (sjå mange fordeler nedst i annonsa)
Arbeidsoppgåver
- Prosjektoppfølging av investeringsprosjekt
- Prosjektering og utarbeiding av anbod
- Inngåing av kontrakter, prosjektstyring og kvalitetstyring
- Oppfølging og drift av kommunal infrastruktur
- HMS og internkontroll
- Saksbehandling
- Oppfølging av avtaler med grunneigarar
- Beredskap for vatn- og avløpsanlegg
- Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga
Kvalifikasjonar
- Ynskjeleg med erfaring innan prosjektoppfølging og av vatn- og avløpsanlegg
- Ynskjeleg med erfaring frå kommunal forvaltning
- Erfaring frå byggteknisk arbeid kan også vere relevant
- Ynskjeleg med kjennskap til SHA og risikostyring
- God og relevante kunnskap innan IT, kommunen nyttar program som Komtek og Gemini VA
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg. Vang kommune har nynorsk som skriftspråk
- Søkjar må ha førarkort klasse B og disponere bil
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar
- Du er fagleg engasjert, strukturert og sjølvstendig
- Du tek ansvar for framdrift og kvalitet i leveransane dine
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og ser nytten av å dele kompetanse på tvers av fagfelt
- Drivande og løysingsorientert med god gjennomføringsevne.
Kontaktinformasjon
Torstein Brekke-Dervola, Avdelingsleiar vatn og avløp, 91837898, torstein.dervola@vang.kommune.noIngeborg Lunde, Kommunalsjef Landbruk og teknisk, 99230305
Arbeidssted
Tyinvegen 51612975 VANG I VALDRES
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Vang KommuneReferansenr.: 4916988746
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.03.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Ingeborg Lunde
Kommunalsjef Landbruk og teknisk
99230305
Om bedriften
Vang kommune som arbeidsgjevar:
- Ca 290 tilsette fordelt på kommunalområda: Helse og omsorg, Utdanning og kultur, Landbruk og teknisk, og Stab
- Den viktigaste ressursen me har er våre tilsette. I Vang kommune gjer me det me kan for at tilsette skal ha det bra på arbeid!
- Vang kommune har nynorsk som skriftspråk.
Å bu i Vang kommune:
- Ei storstilt satsing på barn og unge!
- Ein kombinert barne - og ungdomsskule, med ca 200 elever. Nyrenovert med heilt ny fleirbrukshall med klatrevegg, basseng etc. Tolærarsystem, slik at det nesten alltid er to lærarar tilstades i klasserommet. Skulen nyttar Vang sin flotte natur mykje, både ved uteskule, faget FRI-NAT (friluftsliv og natur), og spanande utflukter. I Vang er SFO gratis for alle barn!
- Vang kommune har to barnehagar, Høre og Fredheim, begge har småbarns og storbarnsavdeling. I Vang er det løpande barnehageopptak (start når det passar dykk!) og frå august 2024 er månadsprisen per barn 1500 kr
- Helse og omsorgstenester av god kvalitet
- Vang kommune har personalbustadar til leige, med butid opptil 3 år
- Byggeklare tomter fleire stadar i kommunen, alle med fantastisk utsikt!
- I Vang finn du 2 solide kontorfellesskap, gjer som fleire andre og ta med deg arbeidet til Vang!
- Både i Vang og resten av Valdres finn du eit yrande kulturliv, der tradisjon står i høgsete, med blant anna tradisjonsmat, tradisjonsmusikk, tradisjonshandtverk og aktiv stølsdrift. Vang kommune har også ein god kulturskule med stort utval av tradisjonelle og moderne aktivitetar
- I Vang står lag, foreiningar og idrett sterkt, her finn du aktivitetar for einkvar smak!
- Vang har ein storarta natur som innbyr til friluftsliv sommar som vinter, er du glad i turar, ski, jakt og fiske så er dette staden for deg! Vang blir sagt å ha "vestlandsfjell med austlandsklima", og er ei bygd med landbruk, grundarar, turisme og næringsliv i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. I Vang finn du også store delar av Jotunheimen og ikkje minst festivalen Vinjerock
- I Vang har dei fleste kort avstand mellom arbeid, barnehage og skule. Her kan du leve eit så roleg eller så aktivt liv som du sjølv ynskjer, i ei distriktskommune med positiv folketalsutvikling
- Meir info om korleis det er å bu i Vang og kva som skjer i Vang finn du her på VangiValdres.
- Meir info om arbeids - og bumarkedet Valdres finn du på VelgValdres
Vang kommune er opptatt av mangfold og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkjarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkjarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkjar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2884182
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f853eaf14adc40b6b9a08c4ea657f35d