Øygarden kulturskule
Øygarden kommune Kulturskulen
Arefjordvegen 290, 5355 Knarrevik
Om jobben
- Stillingstittel
- Slagverkslærar 30% fast stilling
- Type ansettelse
- Fast, deltid 30%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 2. februar
Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 40 000 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.
Øygarden kulturskule tilbyr undervisning innan musikk, dans, teater og visuelle kunstfag, og har om lag 500 elevplassar. Kulturskulen er ein desentralisert kulturskule med undervisning i heile kommunen. Kulturskulen har eigne lokale på Liljevatnet, der administrasjonen og fleire øvingsrom og arbeidsplassar er samla.
Arbeidsoppgåver:
- Undervisning i trommer og slagverk for elevar i ulike aldersgrupper og på ulike nivå.
- Individuell undervisning, gruppeundervisning og samspel.
- Planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisning.
- Bidra til eit inkluderande og raust arbeidsmiljø.
- Samarbeid med føresette og kollegaer.
- Administrere eiga undervisning.
- Delta på personalmøte
Kvalifikasjonar:
Må ha:- Minimum treårig universitet- eller høgskuleutdanning innan slagverk, rytmisk og melodisk. Dokumentert realkompetanse kan i særskilte tilfelle erstatta formell kompetanse
- Pedagogisk utdanning (PPU eller tilsvarande).
- Erfaring med undervisning i slagverk.
- Førarkort klasse B.
- Erfaring med gruppeundervisning, band, ensemble og korps.
- Kjennskap til kulturskulepedagogikk.
Personlege eigenskapar:
- Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig.
- Det blir lagt stor vekt på pedagogiske evner og personleg dugleik.
- God kommunikasjon med både barn og vaksne.
- Strukturert og positiv i møte med utfordringar.
- Evne til å skape gode relasjonar.
Anna:
Vi tilbyr:
- Eigen arbeidsplass med tilgang til øvingsrom på Liljevatnet.
- Tenestebil ved behov.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- IA-bedrift.
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer.
- Høve til fagleg og personleg utvikling.
Kontakt:
- Benjamin Hogstad – rektor Øygarden kulturskule
E-post: benjamin.hogstad@oygarden.kommune.no
Mobil: 926 21 887 - Kjartan Fjordheim – inspektør Øygarden kulturskule
E-post: Kjartan.Fjordheim@oygarden.kommune.no
Mobil: 472 40 152
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
40559459-773c-4b78-b72a-39c7b55d74a6
- Sist endret
19. januar 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3585481_210201_nn
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Alver kommune
Sted
Alversund
Barne- og ungdomsarbeidar 80% fast
Arbeidsgiver
Øygarden kommune Kolltveit skule
Sted
Kolltveit
Ringevikarar - Eikanger skule 25/26
Arbeidsgiver
Alver kommune
Sted
Eikangervåg