Fysioterapeut på kveld kombinert med vikariat på dagtid
Ortopedisk klinikk/ Fysioterapiavdelinga, Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Fast fysioterapeut på kveld kombinert med vikariat på dagtid
- Oppstart
- 1. desember 2025
- Type ansettelse
- Fast, deltid
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 16. november
Fysioterapiavdelinga er ei serviceavdeling organisert i Ortopedisk klinikk. Totalt har avdelinga rundt 85 stillingar og rundt 100 tilsette.
Vi har ledig fast stilling som kveldsvakt. Kveldsvaktene arbeider i 15 vekers turnus og 20,4% stilling tilsvarer 22 vakter på 15 veker. Kvar vakt varer frå kl. 15.30 til 20.30 og tenesta er kvar kveld heile året. Tenesta er delt på 5 kveldsvakter og man samarbeider med fysioterapeutar på forskyvd vakt.
Det er mogleg å kombinere stillinga med ca. 70% vikariat på dagtid til August 2026, for tida ved Kirurgisk avdeling.
Arbeidsoppgåver
- Hovudarbeidsfeltet på kveld er lungefysioterapi for pasientar ved dei fleste somatiske avdelingane på sjukehuset. Pasientar med andre problemstillingar, til dømes brannskadar, blir òg behandla. Det er fysioterapeutar på dagtid som prioriterer pasientar til behandling på kveld. I tillegg kan dei kliniske avdelingane ringe etter fysioterapeut ved akutt behov på kveld
- På dagtid er stillinga knytt til seksjonen som har ansvar for Kirurgisk avdeling, Hjarteavdelinga, Intensivavdelinga, Øyre-nase-hals-avdelinga og Nevrokirurgisk avdeling
- Det er om lag 14 personar fordelt på om lag 13 stillingar knytte til seksjonen. Arbeidet består primært av å behandle kirurgiske pasientar pre- og postoperativt. Det er òg ønskeleg at ein deltar i hjarterehabiliteringsgrupper.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som Fysioterapeut
- Du må ha erfaring frå lungefysioterapi på sjukehus
- Du må ha erfaring frå arbeid på sjukehus med kritisk sjuke paientar
- Det er ein fordel med erfaring frå arbeid med både barn og vaksne
- Det er ein fordel med etter- og/eller vidareutdanning innan lungefysioterapi
- Du må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
- Ved tilbod om stilling må du legge fram tilfredsstillande politiattest (vandelsattest), jf. Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma)
Personlege eigenskapar
- Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
- Du kan arbeide sjølvstendig og har god fagleg vurderingsevne
- Du er fleksibel og effektiv i arbeidet
- Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du held deg roleg, objektiv og kontrollert i stressande situasjonar og arbeider stabilt under press
- Du er ansvarsbevisst, punktleg og påliteleg
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Avdelinga har eit omfattende opplæringsprogram for nye kveldsvakter
- Det er eigne møte og undervisning for dei som jobbar på kveld
- Det vil vere god moglegheit for å ta ekstravakter på kveld og på dagtid i vanlege helgar, helge- og høgtidsdagar i tillegg til i sommarferieavviklinga
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Else Sterndorff, Avdelingssjef, 55972863Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5035934548
Stillingsprosent: 20,4%
Fast
Startdato: 01.12.2025
Søknadsfrist: 16.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Else Sterndorff
Avdelingssjef
55972863
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
40485a56-44c6-4ff2-a892-e3035edaca3a
- Sist endret
31. oktober 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9d57331f168c40d2b5417953ee051bea
Lignende annonser
Fysioterapeut/ spesialfysioterapeut
Arbeidsgiver
Ortopedisk klinikk/ Fysioterapiavdelinga, Helse Bergen HF
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Barne- og familietjenesten i Bergenhus og Årstad, Bergen kommune
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Ergo- og fysioterapitjenesten for barn og unge i Fana og Ytrebygda, Bergen kommune
Sted
Rådal