Vil du jobbe der pasienten alltid står i sentrum? Vi søker sjukepleiar
Lungepost Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. november
Vil du bli ein del av eit fagmiljø i utvikling – og flytte inn i heilt nye sjukehuslokale?
Ønskjer du ein spennande sjukepleiarkvardag med varierte arbeidsoppgåver, høg fagleg kvalitet og gode moglegheiter for utvikling? Då kan Lungeseksjonen vere staden for deg!Lungeseksjonen er ein del av Hjarte- og lungeavdelinga og består av ein sengepost med 13 senger samt ein poliklinikk med høg aktivitet. Hos oss møter du pasientar med eit breitt spekter av akutte og kroniske lungesjukdomar, mellom anna KOLS, lungefibrose, astma og respirasjonssvikt. Du blir ein viktig del av eit engasjert tverrfagleg team som kvar dag arbeider for å gi pasientane trygg og heilskapleg behandling.
Vi står framfor ei spennande framtid. Til våren flyttar vi inn i heilt nye sjukehuslokale, der Lungeseksjonen blir samlokalisert tett på både intermediærovervakinga og hjarteposten.
Vi samarbeider tett med medisinsk intermediærovervaking (MIO) og følgjer opp pasientar med komplekse og samansette behov. Dette gir deg moglegheit til å utvikle høg kompetanse innan observasjon, behandling og sjukepleie til ei pasientgruppe i stadig utvikling.
Vi har no ledige stillingar som sjukepleiar i tredelt turnus. Det kan òg vere aktuelt med vikariat eller redusert stillingsprosent dersom dette er ønskjeleg.
Vil du vere med på reisa inn i nye lokale og bidra til å forme framtidas lungemedisinske tilbod?
👉 Vi gler oss til å høyre frå deg og ta imot søknaden din!
Kva går jobben ut på?
- Utgreiing, pleie og behandling av pasientar
- Oppfølging av pårørande
- Iverksetting av sjukepleiertiltak
- Samhandling med kommunen
- Rettleiing av studentar og kollegaer
- Deltaking i utviklings- og forbetringstiltak
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Relevant erfaring med lungepasientar
- Relevant sjukehuserfaring er ein fordel.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- Har evne til å motivere og engasjere.
- Har kjennskap til eller interesse for å lære meir om, hjartepasientar, lungesjukdomar og akutt kritisk sjuke.
- Er profesjonell og empatisk i møte med pasientar, pårørande og kollegar, og samarbeider godt med dei.
- Held deg roleg og objektiv i stressande eller krevjande situasjonar
- Er god til å sjå kva som må gjerast, og tilbyr og får gjerne hjelp.
- Ser etter løysingar.
Personlege eigenskapar blir vektlagde
Kvifor skal du velje oss?
- Eit tilpassa opplæringsprogram slik at du skal føle deg trygg og ivareteken
- Fagleg utvikling, til dømes støtte til relevant utdanningar (lunge-, kreft-, palliasjons- og intensivsjukepleie)
- Kombinere arbeid på sengeposten med poliklinisk arbeid. Dette føreset kompetanse og ønske om kombinasjonsstilling.
- Med riktig kompetanse og erfaring kan du få anledning til å kombinere arbeidet mellom sengepost og medisinsk intermediær overvaking (MIO).
- Vi har ein 12-månaders kalenderplan som gir rom for involvering.
Dersom du ønskjer å gjere fortrinnsrett gjeldande, må du opplyse om dette i søknaden.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter. Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Kontaktinformasjon
Ranveig Neset Enerstvedt, Funksjonsleiar, +4798879205, ranveig.neset.enerstvedt@helse-fonna.noArbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5198913019
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.11.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4042153b-4f5b-4960-95aa-266c6e26ebbc
- Sist endret
23. oktober 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4e9f889e801e44ba9c197017d4005da0