Vernepleiar/Sjukepleiar/Sosionom
Arbeid og aktivitet, Ålesund kommune
Keiser Wilhelms gate 11, 6003 Ålesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Vernepleiar/Sjukepleiar/Sosionom
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. juni
Arbeid og Aktivitet gir eit arbeids- og/eller aktivitetstilbud til personar med utviklingshemming i Ålesund kommune. Arbeidstid er på dagtid. Stillinga er per tida på ei avdeling på Skodje, Prestemarka dagtilbod. Arbeid og Aktivitet har avdelingar både i Ålesund og på Skodje. Avdelinga stilllinga per no tilhøyrer er ei aktivitets og produksjonsavdeling. Vi ser etter deg som ser mennesket, og som vil bidra i kvardagen til dei som treng støtte for å leve i tråd med eigne verdier og ønsker. Tjenestene våre skal være i tråd med menneskerettigheiter nedfelt av FN konvensjonen om rettigheitene til mennesker med nedsatt funksjonsevne (CRPD), og den nasjonale veilederen til Helsedirektoratet “Gode helse- og omsorgstjenester til personer med utviklingshemming”.
Vi ser etter deg som vil være med å forme framtidas dagtilbud, som har gode ideèr, som tørr by på deg sjølv og som er interessert. Vi ser etter deg som er ein god kollega, som ser løysingar og moglegheiter og ikkje begrensningar. Vi ser etter deg som vil yte det lille ekstra for alle i felleskapet vårt. Vi har verdens beste arbeidsplass på grunn av menneska i verksemda.
Arbeidsoppgåvene på avdelinga er varierande ut i frå årstid. Avdelinga har arbeidsoppgåver som bruktbutikk, vedproduksjon, plenklipping, tennbrikkettproduksjon, baking, og snekker/vaktmesteroppgåver, handarbeid, bordaktiviteter, dans og musikk, turer, gymsalaktiviteter, svømming etc. Vi jobber på tvers av avdelingane på Prestemarka dagtilbod.
Arbeidsoppgåver
- Ha primæransvar til deltakarar.
- Imøtekome deltakarane sine behov og ønskjer. Du må ha stort fokus på å legge til rette for sjølbestemmelse.
- Bruke naudsynte hjelpemiddel og/eller kommunikasjonsverktøy.
- Deltaking/samhandling med pårørande/verge og andre samarbeidspartnarar.
- Oppfølging i fagsystemet Helseplattformen.
- Fagutvikling - bidra til å auke kvaliteten i tenesta.
- Utarbeide, oppdatere og følgje opp tiltak og dagsplanar etter vedtak og behov.
- Gjennomføre ulike aktivitetar etter vekeplan/og eller i samarbeid med kollegaer.
- Legge til rette for gode arbeidsoppgåver til deltakarane våre med mestring og glede i fokus.
Kvalifikasjonar
- Vi søker primært etter vernepleiar, sjukepleiar eller sosionom. Annan treårig høgskuleutdanning innan helse-og sosialfag kan bli vurdert dersom søker har god erfaring og kompetanse innan arbeid rundt personar med utviklingshemming. Samt gode personlege eigenskapar.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Vi er få tilsette og trenger ein lagspelar med høg grad av fleksibilitet.
- Du må meistre norsk godt både skriftleg og munnleg.
- Du må ha erfaring frå arbeid med personar med psykisk utviklingshemming.
- Du må ha kunnskap om helse og omsorgstenestelova kapittel 9.
- Du må ha førarkort kl. B.
- Du må ha IT-ferdigheiter. Du må ha digital kompetanse som kan bidra til å utvikle tjenesta.
- Du må kunne handarbeid, f.eks strikking er for mange ei viktig arbeidsoppgåve.
- Du må ha gode samarbeidsevner og relasjonskompetanse.
- Du må ha kjennskap til veilederen gode helse- og omsorgstenester til personar med utviklingshemming.
- Du må være svømmedyktig, og kunne bade.
- Du må kunne være i fysisk aktivitet både ute og inne.
- Du må ha god omstillingsevne, være fleksibel, positiv og løysingsorientert.
- Du må gjerne være musikalsk og brenne for å skape mestringsarenaer.
- Politiattest må leverast.
Personlege eigenskapar
- Du viser initiativ og er kreativ.
- Du er kunnskapsrik og fagleg oppdatert.
- Du er pliktoppfyllande og sjølvgåande.
- Du har stor arbeidskapasitet og er ein utprega omsorgsperson.
- Du evnar til å bygge relasjonar med deltakarar, kollegaer og andre samarbeidspartnarar.
- Du evnar til å skape engasjement og har gode haldningar og moral.
- Du er ein lagspelar som bidrar til at felles mål blir nådd.
- Du er lojal og stabil.
- Du liker å holde på med aktiviteter både ute og inne. Du er kreativ og musikalsk.
- Du er rolig og tolmodig.
Vi tilbyr
- Moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
- Løn etter gjeldande tariffavtale.
- Dagarbeid.
- Arbeidsgiver styrer ferieavvikling i tråd med verksemda sine oppgaver.
- Oppstart 1 september. Med moglegheit for opplæring i forkant.
Kontaktinformasjon
Stine Løvold, Verksemdsleiar, 97005844, stine.lovold@alesund.kommune.noSolveig Sandbukt, avdelingsleiar, 95180898, solveig.sandbukt@alesund.kommune.no
Arbeidsstad
Keiser Wilhelms gate 116003 ÅLESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: 4967728576
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.06.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2944003
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ed890a8d2eb2441d9a2228fbe9e94b90