Miljøarbeider 65 % fast stilling
Osterøy kommune Bu og avlasting
Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeider/Barne og ungdomsarbeider
Type ansettelse
Fast, deltid 65%
Antall stillinger
1
Bu- og avlastningstenesta gjer tenester til menneske med utviklingshemming og andre funksjonshemningar. Eininga består av 5 bufellesskap, 5 bustader, avlastingstilbod og dagtilbod. Me gjer teneste til personar i alle aldrar med ulike funksjonsnedsettingar, psykisk utviklingshemming, autismespekter diagnosar og samansette utfordringar. Vår målsetting er å bidra til gode dagar ut i frå den einskilde sine eigne føresetnader, ynskjer og behov.
Me er i ein oppbemanning prosess og har no ledig
- 65% fast stilling – kortvakter i vekedagane og langvakter kvar 4 helg
Stillinga er lokalisert ved Reigstad Bustad. Bustaden gir tenester til 2 bebuarar med samansette behov, denne stillinga er knytt opp mot ein av bebuarane her. Vi søkjer etter deg som liker å arbeide tett på menneske og som vil vere med å bidra til aktive, opplevingsrike og meiningsfulle dagar for våre tenestemottakarar. Det er også viktig at du er ein som kan gi trygg og god hjelp i faste kvardagsrutinar.
Arbeidsoppgåver:
- Sikre at tenestemottakar får naudsynt bistand i hen hold til vedtak, forskrift og retningslinjer.
- Fagleg oppfølging av miljøarbeidet. Bidra til å skape tryggheit og trivsel.
- Dagleg omsorg og miljøarbeid i tenesta til den einskilde.
- Hjelp, rettleiing og støtte til daglege aktivitetar.
- Bidra til at brukar opplever å vere sjef over sine dagar.
- Bidra til utvikling og meistring gjennom gode opplevingar.
- Delta i legemiddelhandtering ved behov.
- Journalføring. Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk.
- Praktiske gjeremål i bustad og andre delegerte oppgåver frå leiar.
Kompetanse:
- Helsefagarbeidar, Barne og omsorgsarbeidar
- Det er ynskjeleg med erfaring i førebygging og handtering av utfordrande åtferd.
- Det er ynskjeleg med erfaring med kap 9 og MAP kurs
- Førarkort kl.B. er eit krav
Personlege eigenskapar:
- Du er punktleg og til å stole på.
- Du er ansvarsbevisst.
- Du er nysgjerrig, open og har evne til å reflektere.
- Du er god på å samarbeide med andre.
- Du har gode kommunikasjonsferdigheiter og er lett å prate med.
- Du er påliteleg, engasjert og ynskjer å bidra til gode opplevingar for våre brukarar!
- Du må ha ei løysingsorientert tilnærming til utfordringane i arbeidet.
- Du er fleksibel og gjør det som trengs.
- Du er lojal mot felles beslutningar.
- Du spør når det er noko du er usikker på.
- Du har ei god skriftleg framstillingsevne og har gode datakunnskapar.
- Du tåler adferd som kan væra utfordrende
- Personlig egnethet vil bli vektlagt.
Me tilbyr:
- Spannande utfordringar både fagleg og personleg.
- Høg etisk standard og fagleg nivå.
- Opplæring med introduksjon til fagfeltet med tema som: utviklingshemming, tilrettelegging og arbeid i andre sin heim, etisk refleksjon, bruk av tvang og makt, seksuell helse, brannvern og førstehjelp mv. (digital opplæring og fysiske arrangement). Du får også opplæring i bustaden.
- Lønn etter tariff og kompetanse.
- Gode pensjons og forsikringsvilkår
- Eit støttande og inkluderande arbeidsmiljø
Anna informasjon:
- Dersom du får tilbod om stillinga, må du leggja fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.
- Kommunen har 6 mnd prøvetid ved tilsetting.
- Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg gjennom bestått B2 test i norsk.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2436538
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3232061_190693_nn