Hopp til innhold

Vil du leie vidareutviklinga av eit solid teknisk fagmiljø med sterk lokal forankring?

Arbeidsgiver

TECNO VVS AS

Sted

Gamle Dalavegen 84, 5600 Norheimsund

Om jobben

Stillingstittel
Dagleg leiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 21. juni

Tecno VVS er ein viktig aktør i regionen, med dyktige fagfolk, sterk marknadsposisjon og eit godt fundament for vidare utvikling. Selskapet har vakse over tid og står no framfor ein ny fase der struktur, samhandling, system og leiing skal vidareutviklast, utan å miste den praktiske, jordnære og løysingsorienterte kulturen som kjenneteiknar verksemda.

Vi søkjer ein trygg, synleg og samlande dagleg leiar som kan vere tett på både folk, drift, kundar og prosjekt. Du får ansvar for å vidareutvikle eit solid selskap med høg fagkompetanse, stort engasjement og ei viktig rolle i lokalsamfunnet.

Som dagleg leiar vil dine hovudoppgåver vere:
  • overordna ansvar for drift, utvikling og resultat i selskapet
  • setje retning og sikre god gjennomføring i heile organisasjonen
  • vidareutvikle struktur, system, rutinar og arbeidsprosessar
  • sikre god økonomistyring, prosjektoppfølging og lønsemd
  • vere ein synleg og tilgjengeleg leiar for medarbeidarar og nøkkelpersonar
  • styrke samhandling mellom fagområda, avdelingar og lokasjonar
  • utvikle prosjekt- og serviceverksemda vidare
  • bidra til god kapasitetsstyring og rett prioritering av oppdrag
  • vidareutvikle samarbeidet med kundar, leverandørar og samarbeidspartnarar
  • bidra aktivt i Fuglafjell-samarbeidet og andre strategiske samarbeid
  • representere Tecno VVS ut mot marknaden, lokalsamfunnet og relevante utdanningsmiljø
  • samarbeide tett med styret og eigarane om vidare strategisk utvikling
Vi ser etter deg som har:
  • relevant høgare utdanning, gjerne innan tekniske eller økonomiske fag
  • erfaring frå leiarrolle med personal- og resultatansvar
  • god forretningsforståing og trygg økonomisk innsikt
  • erfaring frå prosjektverksemd, entreprenørverksemd, tekniske fag eller nærliggjande bransjar
  • forståing for prosjektøkonomi, kontraktar, risiko og gjennomføring
  • evne til å utvikle struktur, system og gode arbeidsprosessar
  • erfaring med å leie fagfolk og byggje sterke lag
  • god kommersiell forståing og evne til å utvikle kundar og samarbeid

Erfaring frå verksemd med fleire lokasjonar eller ein kombinasjon av prosjekt- og serviceleveransar vil vere ein fordel.

Vi ser etter ein leiar som kan vidareutvikle Tecno VVS på ein kontrollert og framtidsretta måte. Du evnar å skape retning, tryggleik og motivasjon, samtidig som du styrkjer samhandling, gjennomføringsevne og økonomisk kontroll. Du har respekt for det som fungerar godt i dag, men også drivkraft til å utvikle organisasjonen vidare. For å lukkast i rolla trur vi du er ein tydeleg og tillitsskapande leiar som trivst tett på både folk og drift. Du er strukturert og handlekraftig, har god gjennomføringsevne og byggjer naturleg relasjonar på tvers av fagområde og lokasjonar. Samstundes har du kommersiell forståing og eit langsiktig perspektiv på utvikling av både verksemda og menneska i ho.

Vi tilbyr ei sentral leiarrolle i eit solid selskap med sterk lokal forankring, høg kompetanse og gode utviklingsmoglegheiter. Du vil arbeide tett på dyktige medarbeidarar, eigarar og samarbeidspartnarar, og få høve til å påverke vidare utvikling av eit selskap med stor betydning for lokalsamfunnet og regionen. Arbeidsstad er Norheimsund eller Voss. Det må påreknast noko reiseaktivitet mellom lokasjonar, kundar og prosjekt.

For nærare informasjon kan du ta kontakt med våre rådgjevarar i Bønes Virik Executive Search AS, Anne S. Posner / 906 91 846 eller Arild Mjøs Andersen / 916 06 509. Søknadsfrist: 21.06.2026.

Om bedriften

Tecno VVS ASer ei solid og tradisjonsrik verksemd med hovudkontor i Norheimsund og har avdelingar pa Voss og Aurland. Selskapet har brei kompetanse innan utføring av sanitær, varme og ventilasjonsanlegg, og tilbyr komplette løysingar innan VVS, service, rehabilitering, varmeanlegg og totalleveransar. Tecno VVS er medlem av Bademiljø-kjeda og har butikk i Sandvenhagen i Norheimsund. Tecno VVS er og ein sentral samarbeidspart i Fuglafjell AS, ein lokal totalentreprenør tufta på samarbeid mellom sterke fagmiljø. Gjennom Fuglafjell bidreg Tecno VVS med utføring innan tekniske fag i større totalentreprisar i regionen. Les meir pa www.tecno.no og www.fuglafjell.no

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

400348e3-4595-4ff4-8ce0-90ac17ec1eb7

Sist endret

15. juni 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

466037283

Lignende annonser

Laster lignende annonser