Spiren Gardsbarnehage søkjer barnehagelærar/pedagog i vikariat frå september 25- mai 26
Spiren Gardsbarnehage Sa
Skulevegen 28, 5745 Aurland, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Pedagog
Oppstart
8. september 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 21. mai
Send søknad til
Spiren Gardsbarnehage SA er ein privat, Steiner-inspirert barnehage som ligg midt på gardstunet til Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland. Spiren har 24 plassar, frå 0-6 år. Vi held til i eit gamalt sjarmerande trehus, og har fjord, fjell og skog som næraste naboar. Vi følgjer årstidene og livet på garden, og er mykje ute i naturen. Vi et økologisk mat, og mykje av maten kjem rett frå garden. Vi har årstidsfestar som til dømes Mikkelsmesse, Lanternefest, Adventshage og Solfest. Årstidsbordet speglar året sin gang.
Vi søkjer ein pedagog i fullt svangerskaps-vikariat med tiltreding i september 2025 og til mai 2026, med eventuelt mogelegheit for forlenging.
Spiren er medlem i Private Barnehagers Landsforbund, og følgjer deres tariff og pensjonsavtalar.
Det er krav om gode norskkunnskapar og framvising av gyldig politiattest før tilsetting.
For meir informasjon: http://sjh.no/livet-pa-skulen/gardsbarnehage/ eller spiren.barnehage@gmail.com
Dette er ein jobb for deg som ynskjer å arbeida med natur og gardsrelaterte aktivitetar i lag med barna. Aurland er ei lita bygd med eit ungt miljø, og kan by på fantastiske turmoglegheitar for dei som likar det.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Spiren Gardsbarnehage SA er ein privat, Steiner-inspirert barnehage som ligg midt på gardstunet til Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland. Spiren har 24 plassar, frå 0-6 år.
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2929330
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
3ff480e3-fe1d-4f7d-8de3-7731ca998252