Einingsleiar helsehus - 100 % fast stilling
Kommunalområde helse, Sykkylven kommune
Haugneset 16, 6230 Sykkylven
Om jobben
Stillingstittel
Einingsleiar helsehus - 100% fast stilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 6. august
I november 2025 åpnar Sykkylven kommune eit nytt helsehus!
Vi samlokaliserar legetenestene, legevakt, heimebasert omsorg, rus og psykiatri tenesta i samme eining. Har du lyst til å bidra til å styrke og utvikle denne nye og spennandes eininga? Vi søker etter ein dyktig og engasjert einingsleiar til å leie helsehuset for oss.
Som einingsleiar er du ansvarleg for fag-, personal-, budsjett- og økonomi. Kommuneoverlegen er medisinsk fagleg rådgjevar og kommunalsjef er næraste overordna.
Du skal også ha fokus på og arbeide ut frå at organisasjonen er ein heilskap der samarbeid på tvers er ein føresetnad for å lukkast. Fagleg utvikling og leiing med vekt på tenesteproduksjon og kvalitet vert sentralt i stillinga. Samhandling og samarbeid skal bidra til å sikre ei berekraftig teneste til innbyggarane framover.
Einingsleiar har saman med avdelingsleiarane ansvar for oppfølging av kvar einskild tilsett og personalarbeid skal vere ei prioritert oppgåve. Motiverte og engasjerte tilsette er viktig for organisasjonen, for brukarane av tenestene og for innbyggarane.
Helsehuset skal ha 3 avdelingsleiarar med ansvar for ulike fagområde. Dei vil være ansvarlege for den dagleg drifta i avdelingane, men som einingsleiar vil du ha det totale ansvaret for tenestene. Det er i dag 8 legeheimlar, 1 LIS1 og ca. 6 årsverk hjelpepersonell tilknytta legekontoret. Ved interkommunal legevakt har vi 3 kommunalt tilsette legevaktlegar som dekker kveld og natt. Dette er ei interkommunal legevakt mellom Sykkylven og Stranda, der fastlegane i dei to kommunane deltek i legevakta og dekker daglegevakt laurdag og søndagar. Det er også tilsett hjelpepersonell på legevakta.
Det kan skje endringar i arbeids- og ansvarsområdet, og det må påreknast å utføre arbeidsoppgåver som til ei kvar tid er naudsynt for å imøtekome organisasjonen og innbyggarane sine behov.
Vi søker deg som vil vere med på å utvikle tenesta vidare. Kan dette vere noko for deg? Då håper vi å høyre frå deg!
Stillinga er ledig frå 01.09.25.
Arbeidsoppgåver
- Har fag-, drift- og resultatansvar ut frå gjeldande mål og strategiar
- Arbeide aktivt med å rekruttere og behalde ansatte.
- Vidareutvikle tenestene i eininga i forhold til dagens og morgondagens forventningar og krav
- Arbeide for å vidareutvikle kultur og arbeidsmiljø som skal bidra til gode resultat
- Delta og bidra i kommunale nettverk og tverrfagleg arbeid
- Bidra til god samhandling mellom den kommunale helse- og omsorgstenesta, fastlegane og spesialisthelsetenesta
- Ansvarleg for ALIS ordninga.
Kvalifikasjonar
- Du har relevant høgare utdanning frå høgskule og/eller universitetsnivå
- Utdanning og erfaring innan helse og leiing vil vere ein fordel
- God økonomiforståing og erfaring med personalarbeid
- Kjennskap til offentleg forvaltning og gjerne erfaring frå relevant fagområde
- God kjennskap til relevant lov- og avtaleverk
- Interesse og engasjement rundt helsefaglege utfordringar er naudsynt
- Erfaring frå ulike helsetenester er ein fordel, men ikkje eit krav
- I samsvar med helsepersonellova vert det stilt krav om politiattest av nyare dato.
Personlege eigenskapar
- Du er ein person som står fram som ein tydeleg leiar; tillitsvekkande og inspirerande
- Du har evne til godt tverrfagleg samarbeid og sjølvstendig arbeid
- Du er fagleg dyktig, og er god på prioritering av oppgåver
- Evne til å arbeide strukturert og målretta
- Interesse for kvalitetsutvikling, og du er ein person som trivst med varierte oppgåver
- Du har god munnleg og skrifteleg framstillingsevne
- Du er fleksibel og løysingsorientert og trivast i eit aktivt og hektisk miljø
- Personlege eigenskapar vil verte tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
- Rom for å bidra til å bygge opp eit sterkt fagmiljø og godt arbeidsmiljø
- Konkurransedyktig lønn, og tiltredelse etter avtale
- Engasjerte og dyktige medarbeidere
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø
- Gode moglegheiter til å påverke arbeidsdagen
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
Kontaktinformasjon
Henning Pilskog, Kommunalsjef, 41428558, henning.pilskog@sykkylven.kommune.noArbeidsstad
Haugneset 166230 Sykkylven
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sykkylven kommuneReferansenr.: 4993322239
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.
Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv.
Sjå meir frå Sykkylven her
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3fe487ff-4105-4a5f-ab10-f2c948d6179a
- Hentet fra
talentech
- Referanse
918c72fd4de941428a3733fc9f070035