Miljøterapeut
Bufetat
Lindøy 1, 4013 Stavanger, 4013 Stavanger
Om jobben
- Stillingstittel
- Miljøterapeut
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 13. september
Om stillinga og arbeidsstaden
Ved Nord-Jæren barne- og ungdomssenter, avdeling Lindøy, har vi ledig fast stilling som miljøterapeut i 100 % stilling (dag/kveld/langvakt. Turnusen går for tida kvar fjerde helg).
Nord-Jæren barne- og ungdomssenter består av fire avdelingar og tilbyr omsorg til ungdom mellom 13 og 18 år etter barnevernslova §§ 5-1 og 3-2. Avdeling Lindøy har fire plassar og eit tverrfagleg samansett fagmiljø.
Vi arbeider målretta med miljøterapi, traumesensitiv tilnærming og standardisert forløp for å skape varig positiv endring i livet til ungdommane.
Hjå oss står samarbeid med familiar, skule, helsevesen og kommunale tenester sentralt for å gi ungdommane heilskapleg oppfølging.
For meir informasjon, sjå nettsida vår: Nord-Jæren barne- og ungdomssenter | Bufdir.
Arbeidsoppgåver
Målet vårt er, saman med dei andre tilsette, å bidra til at ungdommane tek gode val som fører til varig positiv endring i liva deira.
Korleis nå dette målet:- Utføre godt miljøterapeutisk endringsarbeid ved hjelp av kunnskapsbaserte metodar og standardiserte forløp.
- Drive målretta miljøterapi med fokus på traumesensitiv tilnærming.
- Sikre tverrfagleg samhandling med den kommunale barnevernstenesta, føresette, sosialt nettverk, skule, helsevesen og arbeidsliv.
- Bidra til å ivareta rettstryggleiken til ungdommen gjennom god dokumentasjon.
- Arbeide med krise- og stresshandtering og stabilisering av barn i krise.
- Arbeide førebyggjande og handtere åtferd og hendingar der barn og ungdom kan skade seg sjølve eller andre.
- Kartleggje styrkane og behova til ungdommen, samt utarbeide og følgje opp planar på ein fagleg og systematisk måte.
- Reinhald, matlaging og andre kvardagslege gjeremål er ein del av miljøterapien.
Kva bakgrunn har du?
Må-krav:
- Du må ha minimum treårig relevant høgskule-/universitetsutdanning, fullført bachelorgrad eller tilsvarande 180 studiepoeng innan relevante fagområde.
- Du må kunne kommunisere godt på norsk (tilsvarande nivå B2).
- Du må ha førarkort klasse B.
Bør-krav:
- Kompetanse til å gjere faglege vurderingar, tilpasse tiltaka for ungdommane og dokumentere desse skriftleg.
- Evne til å forstå og leggje til rette for endringsprosessar, både på individ- og systemnivå.
- Erfaring med miljøterapeutisk arbeid i barnevernsinstitusjon.
- Kjennskap til rettane til barn i institusjon, jf. barnevernslova.
- Kunnskap om traumemedviten omsorg.
- Kunnskap om tryggleik og sikkerheit.
- Ønskjeleg med båtførerbevis
Personlege eigenskapar
Kven ser vi etter?
- Robust og emosjonelt sterk
Du har evne til å meistre stress ved å sjå utfordringar som handterbare, meiningsfulle og mogelege å påverke. - Sjølvreflektert
Du har evne til å reflektere over, sortere og skilje mellom eigne og andre sine opplevingar, synspunkt, oppfatningar og behov. - Verdibasert
Du identifiserer deg med, opptrer i tråd med og arbeider etter samfunnsoppdraget vårt og kjerneverdiane våre: respekt, openheit og deltaking. - Motivert for å arbeide til beste for barnet
Du har eit sterkt engasjement for å bidra til positiv utvikling og gode oppvekstvilkår for barn og unge. - Relasjonssterk
Du har evne til å byggje trygge og tillitsfulle relasjonar til ungdom, føresette og samarbeidspartnarar, og ser verdien av gode relasjonar som grunnlag for endring. - Tydeleg, trygg og tillitvekkjande
Du evnar å setje grenser og ta avgjerder på ein omsorgsfull og respektfull måte, samstundes som du skaper tryggleik og føreseielegheit for ungdommane. - Løysingsorientert og fleksibel
Du handterer uføresette situasjonar på ein konstruktiv måte, tilpassar deg endra behov og bidreg til å finne gode løysingar i utfordrande situasjonar.
Kva får du hos oss?
Vi tilbyr:
- Stillinga er plassert i det statlege lønsregulativet i stillingskode 1489 miljøterapeut, med løn frå p.t. kr 490 000 til 640 000 per år.
- Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng kan det tilsetjast i stillingskode 1534 spesialutdanna miljøterapeut, med løn frå p.t. kr 540 000 til 640 000 per år.
- Søkjarar med sosialfagleg utdanning vil bli plasserte i fagspesifikke stillingskodar som sosionom, vernepleiar eller barnevernspedagog, i tråd med lokal lønspolitikk i Bufetat.
- Løn og stillingskode blir vurderte ut frå utdanning og erfaring.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (www.spk.no). Det blir trekt 2 % pensjonsinnskot frå løna.
- Eit godt fagleg miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen.
- Moglegheit til å gjere ein reell forskjell for barn og unge.
- Fagleg utvikling innan miljøterapeutisk arbeid, traumesensitiv omsorg og tverrfagleg samarbeid.
- Eit godt arbeidsmiljø.
Opplysningar til deg som søkjar
- Vi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.
- Stillinga er for tida lagd til Nord-Jæren barne og ungdomssenter avdeling Lindøy
- Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden.
- Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngivast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.
- Prøvetid i samsvar med statsansatteloven.
- Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.
Kva skal søknaden din innehalde?
For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og leggje ved vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik.
Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen.
Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Ber også om at du legg inn kopi av fysisk førarkort, og skjermbilde av kontrollbildet på digitalt førarkort eller skjermbilde av førarkortstatus på vegvesenet.no
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor.
I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon.
Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg.
Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3fa3b1af-5121-4f5d-8adb-42186bc4b95f
- Sist endret
27. august 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10307139