Hopp til innhold

Miljøterapeut

Arbeidsgiver

Åna fengsel

Sted

Åna, 4365 Nærbø

Om jobben

Stillingstittel
Miljøterapeut
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 27. september

Om stillinga


Åna fengsel har utvida avdeling Rødgata, avdeling for lågare tryggleik, avdelinga har fire plassar for utslusing av
forvaringsdømte. Det er derfor behov for miljøterapeutar i full, fast stilling. Det er to miljøterapeutar knytt til avdelinga, dei arbeider 2 skift turnus.

Stillinga er knytt til avdeling for lågare tryggleik og inngår i forvaringsteamet. Arbeidet består av tett oppfølging av innsatte sin
kvardag og sæleg ha fokus på sysselsetting, tilbakeføring og utvikling av bu-evne.
Miljøterapeutane arbeider tett med fengselsbetjentane, ansatte i verksdrifta og øvrige fagpersonar.

Ein miljøterapeut skal ha evne til å planleggje, leie og evaluere innsette sitt påverknadsarbeid, sjå samanhengen mellom eigne
oppgåver og andre fagområde, og ha gode kommunikasjonsevner. Miljøterapeut skal ha evne til tryggleikstenking, grensesetjing og
konfliktløysing og i tillegg vere ein samtalepartnar, kontaktbetjent, rollemodell og rettleiar for dei innsette, og delta i målretta
progresjonsarbeid med innsette

Vi søker deg som:

  • Har relevant utdanning  
  • Har erfaring frå miljøarbeid, gjerne innan rus, psykiatri eller kriminalomsorg 
  • Har evne til å planlegge, strukturere og drifte lavterskel sysselsetting på ein måte som skaper forutsigbarhet, mestring og motivasjon for innsette 
  • Er trygg, tydelig og relasjonskompetent 
  • Har evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig 
  • Er god på samarbeid og tverrfaglig arbeid 
  • Har forståing for tryggleiksarbeid og roller i fengsel 
  • Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt
     

Arbeidsoppgåver

  • Miljøterapeutisk oppfølging av innsette i kvardagen
  • Arbeid i forvaringsteam med strukturert og målretta oppfølging
  • Drift av sysselsetting i tett samarbeid med arbeidsdrifta
  • Miljøarbeid i avdelinga
  • Samarbeid med fengselsbetjentar og arbeidsdrifta
  • Kartlegging av innsette sine behov for oppfølging, særleg knytt til buevne
  • Bidra i tilbakeføringsarbeid og samarbeid med eksterne instansar etter behov
  • Dokumentasjon og målretta tiltaksarbeid

Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.


Utdanning og erfaring

Stillingskode 1201Du må ha
  • sosialfaglig høgskule- eller universitetsutdanning, eller anna relevant utdanning fra høgskule eller
    universitet på bachelornivå
  • erfaring frå miljøterapeutisk arbeid
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy

     

--------------------------------------------------------------

Stillingskode 0808Du må ha
  • bestått 3-årig vidaregåande skulebestått 3-årig videregående skole og relevant
    yrkeserfaring
  • relevant yrkeserfaring
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy

     


Personlege eigenskapar

  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • har evne og vilje til å drive påverknadsarbeid
  • har evne til tryggleikstenking, grensesetjing, og å vere ein samtalepartnar og rollemodell for dei innsette
  • er mål- og resultatorientert
  • har evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk

Vi tilbyr

  • meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
  • gratis parkering
  • tilgang til el-billader
  • eit aktivt bedriftsidrettslag som tilbyr fysisk aktivitet og sosialt samvær
  • stillinga blir lønt som miljøterapeut 1201 fra kr 525 000- 640 000/ miljøterapeut 0808 fra kr 474 000 - 550 000 pr. år, avhengig av
    kvalifikasjoner, det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse

Generell informasjon

Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.  

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her. 

Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.

Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til fengselsinspektør Eldbjørg Engelsvoll på telefon 51799180.

For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.


Kontaktperson for stillingen

Eldbjørg Engelsvoll

Fengselsinspektør

+4751799180

Om bedriften

Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.

Region sørvest omfattar fengsel og friomsorgskontor i Rogaland og Agder. Regionadministrasjonen ligg i Sandnes.

Åna fengsel har rundt 180 tilsette, med til saman 193 plassar for mannlege innsette, fordelt på 155 plassar med høgt tryggleiksnivå og 38 plassar med lågare tryggleiksnivå.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

04b7dfdc-8d58-406e-a80b-c5f47f033238

Sist endret

11. september 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10308908

Lignende annonser

Laster lignende annonser