Lærar - inntil 70% vikariat
Øyfjell oppvekstsenter, Vinje kommune
Øyfjellvegen 928, 3890 Vinje, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærar - inntil 70% vikariat
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Vikariat, deltid 70%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 20. mai
Øyfjell oppvekstsenter er organisatorisk sett ein kombinert barnehage og barneskule, som ligg i vakre Vinje kommune. Øyfjell er ei levande bygd med mykje aktivitet, der barnehage og skule er ein stor del av lokalmiljøet. Både barnehage og skule har nærleik til flott natur, og brukar nærområdet mykje til aktivitetar og turar. Me har store og fine uteområde til leik og læringsaktivtetar, og har mellom anna skulehage, ljosløype, ballbinge, gapahuk og grillhytte.
Me ynskjer oss tilsette som er tydelege, inkluderande, engasjerte og som har hjarte for arbeid med barn og unge. Me legg stor vekt på trygt og inkluderande læringsmiljø, der både barn og tilsette kan trivast og utvikle seg.
Har du lyst til å vere med å utvikle arbeidet ved Øyfjell oppvekstsenter, vil me gjerne ha deg med på laget vårt på skulen.
Velkomen som søkjar!
Arbeidsoppgåver
- Planleggje og gjennomføre undervisning i tråd med LK20.
- Skape eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø for elevane, med god klasseleiing.
- Delta i, og bidra til lærande fellesskap ved skulane.
- Delta i tverrfagleg samarbeid.
- Vera ein trygg og god vaksenperson i møte med elevar og andre vaksne.
- Kontaktlærarfunksjon og andre funksjonar i skulen kan bli lagt til jobben ved større endringar.
Kvalifikasjonar
- Me ynskjer deg som har godkjent undervisningskompetanse til å undervise i grunnskulen, jf. opplæringslova.
- God digital kompetanse.
- Gode norskdugleikar, både skriftleg og munnleg.
- Ved manglande kvalifiserte søkjarar vil anna kompetanse og kvalifikasjonar bli vurdert individuelt.
Personlege eigenskapar
- Du er ein trygg, raus og tydeleg klasseleiar.
- Du tek initiativ til nye arbeidsmåtar.
- Du har fokus på elevane sine moglegheiter for læring.
- Du er fleksibel, omstillingsdyktig og finn løysingar.
- Du er strukturert og overheld tidsfristar.
- Du kommuniserer godt med kollegaer, elevar, føresette og andre samarbeidspartar.
- Du tek ansvar og er profesjonell.
- Du er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
- Du er engasjert i leik og samhandling med barn.
Vi tilbyr
- Flotte og engasjerte elevar.
- Gratis skulemat for elevar, og kostpris for tilsette.
- Ein interessant og utviklande jobb i eit godt og fagleg arbeidsmiljø.
- Kontaktlærar har eit tillegg på kr. 42 000 per år for 1.-4. trinn, og kr. 30 000 per år for 5.-10. trinn.
- Nyutdanna lærarar får rettleiing.
- Løn etter avtale, kvalifikasjonar og ansiennitet.
- God forsikrings- og pensjonsordning.
- Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar.
- Utanlandske søkjarar må ha generell godkjenning frå NOKUT og UDIR for å få jobb.
- Ved ny tilsetjing blir det stilt krav om politiattest, jf. opplæringslova §10-9. Attesten skal ikkje vere eldre enn 3 månadar og den skal ikkje leverast med søknaden.
Om ynskjeleg kan du kombinere stillinga med å vere tilkallingsvikar ut i frå behov.
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Maria Bruleite Bjåen, Konstituert verksemdsleiar, 91719899, maria.bjaaen@vinje.kommune.noArbeidsstad
Øyfjellvegen 9283890 Vinje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 4963624780
Stillingsprosent: 70%
Vikar
Startdato: 01.08.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 20.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Me ynskjer deg velkomen til Vinje!
Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie.
Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus.
Me håpar du vil trivast hjå oss!
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2934096
- Hentet fra
talentech
- Referanse
01aaf59a9b99427bbadb2ed8565d4440