Reinhaldar
Reinhald og tekstil, Vinje kommune
Rjukanvegen 7, 3864 Rauland, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Reinhaldar
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 35%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vil du bli vår nye medarbeidar innan reinhald? Bli med i vårt fleirkulturelle lag! Er du ein detaljorientert og påliteleg kollega som likar reinhald og sjå eit umiddelbart resultat av arbeidet du gjer. Vil du bidra til eit reint og triveleg miljø for dei som brukar kommunale bygg? Då er du den me leitar etter!
Stillinga er på 35 % ved reinhald og tekstil, og er for tida plassert ved sone Rauland. Stillinga kan kombinerast ved å søke på utlyst vikariat i sone Rauland.
Me yter reinhaldstenester til alle skular, barnehagar, sjukeheim, kontorarbeidsplassar m.m. Me held oss oppdatert med moderne reinhaldsutstyr. For å ivaretaka deg som tilsett, er me oppteken av god ergonomi; å tilpasse arbeidsutstyr og arbeidstilhøve for å styrke det fysiske arbeidsmiljøet og redusere arbeidsbelastning. Reinhaldsfaget er variert og gjev deg god fysisk aktivitet gjennom arbeidsdagen.
Reinhaldsavdelinga er organisert i team. Me er opptekne av å hjelpe kvarandre for å gje gode tenester.
Arbeidsoppgåver
- dagleg reinhald av t.d. wc, basseng, garderobar og dusjar (sanitæranlegg)
- dagleg reinhald av store flater og inventar
- smittereinhald ved behov
- periodisk reinhald og hovudreingjering
- Utføre arbeidsoppgåver etter reinhaldsplanar
- samarbeid med andre tilsette og brukarar av kommunale bygg
- påfyll av t.d. såpe- og papirdispenserar, handtering av restavfall m.m
- bruk av gulvvaskemaskiner og reingjering/vedlikehald av desse
- sette deg inn i og bruke kommunen sitt verktøy for internkontroll
Kvalifikasjonar
- Utdanning innan fagområdet er ein fordel - men ikkje eit krav
- Erfaring innan fagområdet
- Fordel med reinhaldserfaring innan skule og barnehage
- Fysisk god helse: kunne gå mykje i løpet av dagen, gå i trapper, bere/lyfte varer og utstyr.
- Du må utføre arbeidsoppgåver etter god ergonomi
- Forstå og snakke godt norsk
- Førarkort klasse B
- Må kunne disponere eigen bil
- Krav til politiattest
Personlege eigenskapar
- Gode haldningar og evna til å kommunisere godt mellom tilsette med ulike morsmål og kulturar
- Gode samarbeidsevner for å kunne jobbe i team
- Fleksibilitet ved byte av arbeidstid, arbeidsoppgåver og arbeidsstader etter behov
- Vere merksam på detaljar og oppretthalde ein god standard for reinhald/hygiene
- Bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i periodar aleine
Me tilbyr
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Faglege oppdaterte og dyktige kollegaer
- Arbeidsmiljø med fokus på den gode arbeidsplassen – ergonomisk og psykososialt
- Løn etter KS tariff og lokal lønstabell
- Kilometergodtgjering etter statens satsar, mellom arbeidsstadene
- Gode barnehagetilbod
- I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
- I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
- Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju
Kontaktinformasjon
Signe Bjørg Solberg, Verksemdsleiar reinhald, +47 90010867Arbeidsstad
Rjukanvegen 73864 Rauland
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 4976827450
Stillingsprosent: 35%
Fast
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 11.06.2025
Om bedriften
Me ynskjer deg velkomen til Vinje!
Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie.
Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus.
Me håpar du vil trivast hjå oss!
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3f86c3a0-b4ed-4942-9be0-592601eacb20
- Hentet fra
talentech
- Referanse
695feb7820174188878d4bde2433b0d6