Lærarstilling ved Hyllestad barne- og ungdomsskule
Hyllestad Skule
Lifjordvegen 6, 6957 Hyllestad, Hyllestad
Om jobben
Stillingstittel
Lærer (grunnskole)
Oppstart
1. august 2023
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1
Vi søkjer etter ein ny kollega som har følgjande fag i utdanninga si; Tysk, matematikk 60 stp., engelsk 60 stp., kroppsøving, norsk 60 stp., naturfag, norsk for framandspråklege eller krle.
Arbeidsoppgåver
- Planlegging, gjennomføring og oppfølging av læringsarbeid
- Bidra til eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø for elevane våre
- Kontaktlærarfunksjon må påreknast
- Oppfølging av elevar og kontakt med føresette
- Samarbeid i team
- Deltaking i skulen sine utviklingsprosessar
Kvalifikasjonar
- Godkjent lærarutdanning
- Helst minimum 60 stp i tysk og ekstra fag som til dømes matemtatikk (60 stp), engelsk (60 stp), norsk (60 stp), musikk, naturfag, kroppsøving, krle eller norsk for framandspråklege.
- Erfaring og god kompetanse i bruk av digitale læringsverktøy
- Undervisningserfaring er ein fordel
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Personlege eigenskapar
- Du er ein god og tydeleg klasseleiar
- Du er god på relasjonar og kommunikasjon
- Du er bevisst ansvaret ditt
- Du likar å arbeide med barn og ungdom
- Du er engasjert i å skape eit godt og inkluderande skulemiljø
- Du veit at du er ei viktig brikke til eit godt arbeidsmiljø
- Du trivast best i ein aktiv og travel kvardag
- Den som vert tilsett må kunne framvise godkjent politi- og helseattest før tiltreding
Vi kan tilby
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med kvalifiserte kollegaer
- Ein arbeidsplass som er oppteken av kollektiv og individuell læring
- Mentorordning for nyutdanna og nytilsette
- Moglegheit for vidareutdanning
- Medlemskap i Statens pensjonskasse
- Bustadstilskot ved husbygging for førstegangsetablerarar
- Gratis tilgang til styrke- og spinningsal i idrettshallen
- Løn etter tariff
Om bedriften
Hyllestad kommune ligg ytst i Sognefjorden og er ein liten kommune med ein grunnskule. Vi søkjer etter motiverte medarbeidarar som er kompetente, opne, til å lite på og samfunnsengasjerte. Kvalitet i tenesta vert til gjennom godt arbeidsmiljø og mangfald blant tilsette.
Skulen ligg i sentrum av Hyllestad, ovanfor kommunehuset, i enden av Åfjorden. Vi har nydeleg utsikt utover fjorden og til det mektige Lifjellet, skulen har kort veg til fjæra, enkelte fjelltoppar og til Kvernsteinsparken. Sistnemnde er også undervisningsarena for 7.kl. ein halv dag i veka.
Vi har eit mangfaldig læringsmiljø med fokus på inkluderande skulemiljø, læreplan og vurdering for meistring. Skulen har ca. 115 elevar fordelt på 1. - 10.trinn.
Visjonen vår er "Gjere for å lære - saman i trivsel og tryggleik"
Sektor
Ikke oppgitt
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2259717
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
3f5fa61f-2164-488c-a921-971be8a8cd34