Undervisningsstilling vikariat avdeling for Helse- og oppvekstfag, 50 - 100%
Bryne vgs, Rogaland fylkeskommune
Hetlandsgate 27, 4344 Bryne
Om jobben
- Stillingstittel
- Undervisningsstilling vikariat avdeling for Helse- og oppvekstfag, 50 - 100%
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 50%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Bryne vidaregåande skule er ein av landets største vidaregåande skular med om lag 2000 elevar og 330 tilsette. Skulen har eit breitt tilbod fordelt på utdanningsprogramma bygg- og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag, idrettsfag, påbyggsklasser, restaurant- og matfag, sal, service og reiseliv, studiespesialiserande, teknologi- og industrifag, fengselsundervisning og vaksenopplæring dag- og kveldstilbod. I tillegg har me fleire grupper innanfor spesialundervisning. Skulen ligg sentralt i Bryne sentrum i eit miljø prega av læring, næring og kultur. Våre satsingsområde er vurderingspraksis, relasjonar og profesjonsutvikling med bakgrunn i fagfornyinga, djupnelæring og satsingsområda i ny overordna del. Elevane som samfunnsressurs er viktig for skulen.
Meir informasjon om skulen på www.bryne.vgs.no
Bryne vidaregåande skule, avdeling Helse- og oppvekstfag, har ledig vikariat som programfagslærar frå d.d og ut skuleåret. Stillinga vert mellom 50-100%, og det kan verta lagt kontaktlærarfunksjon på stillinga. Behovet er først og fremst på Vg1, men og på vaksenopplæring, Vg1.
Arbeidsoppgaver
- Som faglærar har du ansvar for det faglige og pedagogiske arbeidet rundt elevane, saman med kollegaer. Du deltek på fagmøter og utviklingsarbeidet på skulen.
- Som kontaktlærar har du i tillegg ansvar for elevoppfylgjing i klassen, samt samarbeid med blant anna føresette og andre samarbeidspartnarar.
- Utarbeiing av IOP saman med dei andre lærarane i klassane.
- Planlegging, gjennomføring og evaluering av eiga undervisning.
- Det er forventa at du både kan ta imot og gje rettleiing til andre i pedagogisk utviklingsarbeid
Kvalifikasjoner
- Høgare utdanning (min. bachelor) innan helse-, sosial-, eller oppvekstfag, og praktisk pedagogisk utdanning
eller - Yrkesfaglærarutdanning innan aktuelle fagområde
- Godkjend politiattest
Personlige egenskaper
- Ein tydeleg klasseleiar som trivest med ungdom/unge vaksne, og som evner å bruke varierte og tilpassa opplæringsmetodar.
- Ein som legg vekt på elevaktiv læring og elevmedverknad.
- Ein tilsett som er open, samarbeidsvillig, kreativ og har godt humør.
- At du er fleksibel, engasjert og utviklingsorientert.
- At du har gode digitale ferdigheiter.
- At du tek medansvar for profesjonsutvikling, og er positiv til å reflektera over og utvikla eigen praksis saman med elevar og kollegaer.
Det er ein fordel med erfaring frå undervisning på Helse- og oppvekstfag innanfor fleire programområde.
At du er personleg eigna vil verta særleg vektlagt.
Vi tilbyr
- Eit dynamisk kollegium i flotte undervisningsbygg.
- Ein mangfaldig skule med rom for fagleg fordjuping, praktisk og kreativ tilnærming til læring.
- Bryne er ein vidaregåande skule med rikelege moglegheiter både for lærarar og elevar.
- Løn etter avtale
Vi gjør oppmerksom på at opplysninger om søkeren kan bli offentliggjort selv om søkeren har bedt om ikke å bli ført opp på søkerlisten. Dersom ønsket reservasjon ikke blir tatt hensyn til, vil søkeren bli varslet om dette før offentlig søkerliste blir laget.
Kontaktinformasjon
Elisabeth Helgøy Nygård, Avdelingsleiar , 90825064, elisabeth.helgoy.nygard@skole.rogfk.noArbeidssted
Hetlandsgate 274344 Bryne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Rogaland fylkeskommuneReferansenr.: 5046716557
Stillingsprosent: 50%
Vikariat
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 09.12.2025
Om bedriften
Vil du være med å bygge et bedre Rogaland sammen med flinke og engasjerte kollegaer?
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3f47c91c-4d89-4282-a93f-a7ac7efb4ce0
- Sist endret
10. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
dd28f0c2ffd84ef79d7da9dc595e160b
Lignende annonser
Undervisningsstilling helse- og oppvekstfag
Arbeidsgiver
Rogaland fylkeskommune
Sted
Stavanger
Arbeidsgiver
Rogaland fylkeskommune
Sted
Sandnes
Arbeidsgiver
Rogaland fylkeskommune
Sted
Stavanger
Undervisningsstilling i helse og oppvekst-fag.
Arbeidsgiver
Rogaland fylkeskommune
Sted
Sandnes