Fagkonsulent - vikariat
Alderspsykiatri SNR (pol.), Helse Møre og Romsdal HF
Opdølvegen 4, 6450 Hjelset, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fagkonsulent -vikariat
Oppstart
1. september 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 12. august
Alderspsykiatrisk poliklinikk SNR har eit ledig vikariat i 100 % stilling som fagkonsulent frå 01.09.2025 til 30.09.2026, med moglegheit for forlenging eller fast tilsetjing. Arbeidsstaden er det nye Sjukehuset Nordmøre og Romsdal på Hjelset, med enkelte ambulante reisedagar til kommunane i Nordmøre og Romsdal.
Ved poliklinikken tilbyr vi utgreiing og behandling innan følgande målgrupper:
- Personar med alvorleg psykisk liding som debuterer etter fylte 65 år (unntaksvis også yngre)
- Åtferdsmessige og psykologiske symptom ved demens (APSD)
- Utgreiing av kognitiv svikt
I tillegg til utgreiing og behandling vil stillinga også innebere oppfølging av pårørande og rettleiing av fastlegar og miljøpersonell i kommunane. Vi har eit godt etablert samarbeid med kommunale tenester.
Vi søkjer ein engasjert medarbeidar som er oppteken av høg fagleg kvalitet og har gode samarbeidsevner. Du må trivast med å arbeide både sjølvstendig og i team, og vere med på å utvikle eit kompetent og tverrfagleg fagmiljø.
Om seksjonen:
Seksjon for alderspsykiatri SNR består av ein døgneining og ein poliklinikk. Poliklinikken er tverrfagleg samansett av overlege, psykolog, spesialsjukepleiarar og spesialergoterapeut/teamkoordinator. Vi samarbeider tett med klinisk farmasøyt, merkantil ressurs og Alderspsykiatrisk døgneining. Seksjonen jobbar kontinuerleg med å utvikle tenestene i tråd med pasientane sine behov.
Ver venleg og last opp attestar og vitnemål saman med søknaden.
Sjukehuset Nordmøre og Romsdal på Hjelset er plassert mellom Kristiansund og Molde. Her er ein omringa av mangfoldige moglegheiter til aktivitet og rekreasjon knytt til både naturopplevingar og byliv. Les meir om Molde og Romsdalen her. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar i målgruppa
- Samhandling med pårørande og samarbeid med kommunale tenester
- Dokumentasjon i tråd med gjeldande retningslinjer
- Deltaking i tverrfaglege drøftingar med fagleg bidrag
- Noko ambulant verksemd må påreknast – tenestebil vert stilt til disposisjon
Kvalifikasjonar
- Minimum treårig helse- og/eller sosialfagleg utdanning på bachelornivå (t.d. sjukepleiar, vernepleiar, sosionom)
- Relevant vidareutdanning innan geriatri, psykisk helse eller rus er ønskjeleg
- Erfaring frå liknande klinisk arbeid er ein fordel
- Gode ferdigheiter i norsk, både munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Pasientorientert, fleksibel og løysingsfokusert
- Trivst med å arbeide både sjølvstendig og i tverrfagleg team
- Opptatt av høg fagleg kvalitet
- Høg arbeidskapasitet og evne til å jobbe i eit til tider hektisk miljø
Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Marit Møgedal Stokkeland, Seksjonsleiar, +47 46683184, Marit.Mogedal.Stokkeland@helse-mr.noArbeidsstad
Opdølvegen 46450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4996551904
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.09.2025
Sluttdato: 30.09.2026
Søknadsfrist: 12.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3eeb893c-73ec-4377-b54a-af12cf448a67
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5d5ac096eccb49429a4cc625e65a303a