Butikkmedarbeider
Byggtorget Martin Lid Trelast AS
Brynalii 140, 5705 Voss, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Butikkmedarbeider byggevare
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager og lørdag
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 5. juni
Send søknad til
Brenn du for gode kundeopplevelsar. Me søkjer deg!
Me søkjer serviceinnstilt og engasjert butikkmedarbeidar.
Er du blid, påliteleg og likar å arbeida med menneske? Då kan dette være jobben for deg.
Byggtorget Martin Lid Trelast AS er ein veletablert aktør innan sal av byggevarer, og me søkjer no ein engasjert og serviceinnstilt butikkmedarbeidar til vårt team. Som butikkmedarbeidar hos oss vil du spele ei viktig rolle i å sikre at våre kundar får den hjelpa og dei produkta dei treng.
I Byggtorget Martin Lid Trelast er me lidenskapleg opptatt av å levera byggevarer og tenester av høg kvalitet til våre kundar. Me brenn for eit godt arbeidsmiljø og dei gode kundeopplevingane.
Byggtorget sine motto <<tettast på>> og <<Vårt hjarte hamrar for lokalmiljøet>> er noko me prøver å arbeide mot kvar einaste dag.
Me kjenner vårt lokalmiljø og korleis ting fungerer. Me kjenner våre kundar og veit kva dei set pris på. Me strekk oss langt for å løyse kundane sine utfordringar. Me er eigde og drivne lokalt, har stolte tradisjonar og byggevarer i blodet og hjartet.
Byggtorget Martin Lid Trelast AS har i dag rundt 20 tilsette og hadde i 2024 ei omsetning på omlag 90 millionar kroner. Butikken blei kåra til årets Byggtorgetforhandlar i Norge i 2023.
Arbeidsoppgåver vil mellom anna inkludera:
-
Sal og kundeservice: Veileda kundar, svare på spørsmål og hjelpe dei med å finne dei rette produkta.
-
Varemottak og varepåfylling: Ta imot varer, sørgje for rett plassering i butikk og på lager, og halde hyllene fulle og presentable.
-
Ordrebehandling: Plukke og klargjere varer til kundar.
-
Kassehandtering: Registrere sal og handtere betalingar.
-
Generell butikkdrift: Bidra til å skapa ein inspirerande butikk, med godt vareutval og fine utstillingar.
-
Byggje opp god produktkunnskap: Lære om våre produkt for å gje best mogleg rettleiing.
-
Forberedelsar og gjennomføring av våre kampanjar.
Me ser etter deg som:
-
Har interesse for butikkdrift og gode kundeopplevelsar.
-
Er serviceinnstilt og trivst med å jobbe med menneske.
-
Er påliteleg , nøyaktig og tek ansvar for dine oppgåver.
-
Har gode samarbeidsevner og likar å jobbe i team.
-
Har ei positiv innstilling og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
-
Kan kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg.
Me kan tilby deg:
-
Ein spennande og variert arbeidskvardag i eit solid og velrenommert firma.
-
Eit godt og uformelt arbeidsmiljø og kompetente arbeidskollegaer.
-
Konkurransedyktig betingelsar og pensjonsordningar.
-
Moglegheiter for fagleg utvikling og vidareutdanning.
-
Fagsamlingar og ulike sosiale arrangement
-
Trygg og god arbeidsplass
Søknadsfrist: 5. juni 2025
Vi gler oss til å høyre frå deg!
Søknad sendast til: morten@martinlid.no
For spørsmål om stillinga, kontakt:Morten Lid
41626003
morten@martinlid.no
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Byggtorget Martin Lid Trelast ASer eit veletablert byggevarehus som har forhandla byggevarer, hus og hytter på Voss og i omegn i 65 år. Selskapet held til i eigne lokalar på Palmafossen og har i dag 20 tilsette. Eigen prosjektavdeling har i over 50 år levert tilbygg, garasjar, hus og hytter. Me hjelper private og proffkundar med teikningar, prosjektering, søknader og byggevarer.
Me brenn for eit godt arbeidsmiljø og gode kundeopplevingar. Selskapet er medlem av byggevarekjeda Byggtorget og huskjeda Systemhus. Begge kjedene er medlemsbedrifter i Noregs største byggevarekonsern, Mestergruppen.
Byggtorget Martin Lid Trelast blei kåra til årets forhandlar i Norge og Region Vest i 2023.
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2948022
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
3ec83c1e-710b-4271-9ab0-9bfd3e9041f9