Hopp til innhold

Rekneskapskonsulent

Arbeidsgiver

Helse Vest RHF

Sted

Knud Holms gate 8, 4005 Stavanger

Om jobben

Stillingstittel
Rekneskapskonsulent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Søk på jobben

Søk senest fredag 10. april

Vil du vere med å utvikle vareforsyning og logistikk i sjukehusa på Vestlandet?

Vi har etablert eit felles, regionalt lager, som  skal levere varer til sjukehusa på Vestlandet. Det regionale lageret skal dei neste åra utvide varesortimentet betydeleg. Du vil få sentrale oppgåver i dagleg drift av dette lageret. 

Hos oss i økonomi- og finansavdelinga i Helse Vest RHF ventar utfordrande og varierte arbeidsoppgåver. Du vil jobbe sjølvstendig, og på same tid bli ein del av eit aktivt og engasjert fagmiljø med dyktige kollegaer.

Vi er stolte av å vere i front når det gjeld teknologiske løysingar innan lager- og forsyning - og bruker verktøy som SAP S4 HANA, Power BI og Microsoft 365. 

Vi tilbyr ein interessant og spanande jobb med fleksibel arbeidstid, lønn etter avtale og forsikrings- og pensjonsordningar i KLP.

Vil du vite meir om Helse Vest RHF?

Arbeidsoppgåver

Dei sentrale oppgåvene er operativ drift av det regionale lageret: 

  • Koordinere og gjennomføre bestillingar av avtalt varesortiment frå avtaleleverandørane til det regionale lageret 
  • Operativ oppfølging og materialplanlegging  
  • Avstemming av faktura mot leveransar 
  • Handtere reklamasjonssaker 
  • Følgje opp leverandørane, ha tett dialog med driftsoperatør, Sykehusinnkjøp og helseføretaka 
  • Sikre effektiv vareflyt og god informasjonsflyt mellom alle aktørane 
  • Arbeide med analysar og rapportar innanfor innkjøp, lager og forsyning ved hjelp av våre IKT-verktøy 

Kvalifikasjonar

  • Bachelor, fortrinnsvis med økonomi - gjerne kombinert med logistikk 
  • Erfaring eller interesse for rapporteringsverktøy og Excel. Kjennskap til ERP/BI løysingar, innkjøp, offentlege anskaffingar eller SAP er ein fordel. Søk gjerne også om du ikkje oppfyller alle punkta, men er motivert for å byggje kompetanse.

Vi gir god opplæring og støtte i rolla, og oppfordrar deg til å søkje sjølv om du har avgrensa erfaring.

Personlege eigenskapar

  • kontaktskapande, pedagogisk og samarbeider godt – også tverrfagleg
  • gjennomføringskraft og evne til å skape resultat 
  • strukturert og planmessig  
  • gode samarbeids- og kommunikasjonsevner – og god formuleringsevne på norsk

Vi tilbyr

  • Spennande arbeidsoppgåver: Du vil få utfordrande oppgåver som held deg engasjert og gir deg ei kjensle av meining.
  • Fagleg utvikling: Her får du jobbe saman med kunnskapsrike kollegaer som deler erfaringar.
  • Positivt arbeidsmiljø: Vi ønskjer å ha eit inkluderande arbeidsmiljø, der du kan vere deg sjølv.
  • Fleksibel arbeidstid: Med moglegheit for å leggje til rette for heimekontor.
  • Lønn etter avtale: Vi tilbyr lønn som matchar erfaringa di.
  • Pensjonsforsikring i KLP: Økonomisk tryggleik og moglegheit for lån.
  • Gode velferdsordningar: Bedriftsidrettslag, «HjemJobbHjem» -ordning, moglegheit for dusj og låst sykkelgarasje.

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Kristian Bernhoff Frafjord, Leiar Lønn- og regnskapssenterett, 924 86 548

Arbeidsstad

Knud Holms gate 8
4005 STAVANGER

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Vest RHF

Referansenr.: 5101943477
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Kristian Bernhoff Frafjord

Leiar Lønn- og regnskapssenterett

924 86 548

Om bedriften

Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest leggjer til rette for inkluderande rekruttering.

 Det regionale helseføretaket Helse Vest varetek eigarskapet til sjukehusa i Rogaland og Vestland. Oppdraget vårt er å sørgje for at dei kring 1,1 million innbyggarane i regionen får spesialisthelsetenestene dei har krav på. Saman med sjukehusa på Vestlandet er Helse Vest RHF ei av dei største verksemdene på Vestlandet. Hovudoppgåvene til spesialisthelsetenesta er pasientbehandling, opplæring av pasientar og pårørande, utdanning av helsepersonell og forsking. Det er om lag 80 medarbeidarar i Helse Vest RHF, og driftsbudsjettet er på om lag 40 milliardar kroner. Vi held til i sentrale lokale i Stavanger sentrum.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

3e9f30ed-f963-4186-8ad7-dcc4bcb13e14

Sist endret

24. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

d317ca6f1ea04828b74419dc3c02e51a

Lignende annonser

Laster lignende annonser