Konsulent dokumentsenteret
Møre og Romsdal fylkeskommune
Julsundvegen 9 , 6412 Molde
Om jobben
Oppstart
27. mars 2023
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Konsulent - eitt års vikariat ved Dokumentsenteret
Vi søker etter
Vi søker deg som har god kompetanse og erfaring innafor arkiv- og dokumentarbeid med interesse for digitale løysingar. Du har gode samarbeidseigenskapar og er vant med å arbeide i team.
Du får jobbe med
Du vil vere ein del av den daglege drifta av dokumentsenteret. Dette inneber mellom anna innregistrering og fordeling av post frå ulike kjelder (digitale og analoge), behandling av innsynskrav og kvalitetssikring i sak og arkiv systemet. Du vil også vere brukarstøtte og aktivt rettleie saksbehandlarar i lovverk, rutinar og i bruken av systema våre.
I dag bruker vi sak-/arkiv-systemet ephorte, men er i gong med å skaffe eit nytt system. Du vil derfor få anledning til å bli med på innføringa og opplæringa i nytt sak-/arkivsystem i fylkeskommunen.
Vi søker deg som har;
- Høgare utdanning og relevant arkivfagleg erfaring.
- Lang arkivfagleg praksis/erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- Interesse og forståing for digitale prosessar.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Evne til å jobbe strukturert, målretta og løysingsorientert.
- Godt humør og gode samarbeidseigenskapar.
- Erfaring frå offentleg forvaltning er ønskeleg.
Vi tilbyr
- Ein arbeidsgivarpolitikk med satsing på vekst og fagleg utvikling av medarbeidarar.
- Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring.
- Løn etter avtale.
Om arbeidsplassen
Dokumentsenteret er ein av 5 seksjonar i avdelinga Stab for juridiske og administrative tjenester. Dokumentsenteret har 7 tilsette og gir m.a. arkivfagleg støtte og kompetanseutvikling til sentraladministrasjonen, og dei ytre verksemdene i Møre og Romsdal fylkeskommune. Arbeidsstad for stillinga vil vere på fylkeshuset i Molde.
Andre opplysningar
Det er ønskeleg med rask tiltreding i stillinga.
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.
Om bedriften
Fylkeskommunen har eit viktig samfunnsoppdrag som leverandør av velferdstenester og med eit særskilt ansvar for regional utvikling.
Sektor
Offentlig
Nettsted