Likar du å jobbe med born og unge? Eller har du lyst til å sjå om det kan vere rette karrieren for deg? Då bør du søkje hos oss no!
Askvoll kommune Bulandet skule
Nordsjøvegen 1086, 6987 Bulandet, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fagarbeidar / assistent 40% stilling - SFO Bulandet skule skuleåret 2025/26 - Utvida søknadsfrist
Type ansettelse
Vikariat, deltid 40%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 1. august
Stillinga er mellombels skuleåret 2025/2026. Arbeidsoppgåvene vil innebere å ha ansvar for skulefritidsordninga måndag, tysdag, torsdag og fredag på ettermiddagstid og heile dagen onsdag.
Arbeidsoppgåver:
- Arbeid med barna i SFO i samsvar med rammeplan for SFO
- Dagleg omsorg og arbeid med å skape gode relasjonar
- Medverke til godt foreldresamarbeid som har barnet sitt beste i fokus
Kvalifikasjonar:
- Fagbrev i barne – og ungdomsarbeidarfaget. Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar, kan andre med relevant praksis bli tilsett.
- Må beherske norsk munnleg og skriftleg
Vi søkjer deg som:
- er leiken og open og likar faglege utfordingar
- er lagspelar og har gode samarbeidsevner
- trivst i lag med barn
- interessante og kjekke arbeidsoppgåver
- eit positivt og uformelt arbeidsmiljø
- god forsikring offentleg pensjonsordning (KLP)
- løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ
- Fagarbeidarar får kr. 20000 utover sentralt løns- og stillingsregulativ, jf. lønspolitisk plan
Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Askvoll kommune legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.
Politi og tuberkulinattest av ny dato må leggjast fram ved tilsetjing.
Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3e162031-c97e-49d6-84f3-73439a223f6e
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3501549_145539_nn