Driftig og svolten restaurantsjef som brenn for matkultur og service
Hemmeleg As
Storgata 9, 4340 Bryne, Rogaland, Time
Om jobben
Stillingstittel
Restaurantsjef
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt, kveld og dagtid, lørdag og ukedager
Antall stillinger
1
Ønsker du å arbeida i eit dynamisk og kreativt miljø midt i hjartet av Bryne? Hemmeleg er ein bedrift med fokus og engasjement for lokal mat, god drikke og unike gjestehistoriar.
Me kan tilby:
- Ein fleksibel leiarstilling
- Varierande arbeidsoppgåver i eit godt og kreativt arbeidsmiljø.
- Arbeidsplass som er opptatt av berekraft og miljø.
- Ein hektisk og kreativ arbeidsplass.
- Konkurransedyktig løn.
- Bonusordning og fremtidig eigerskap.
- Kurs innen drikkevarer og matformidling.
- Mentorordning frå styret om nødvendig.
Me ynskjer at du:
- Har leiarerfaring
- Har tidligare bransjeerfaring. Fagbrev og leiarutdanning er eit pluss.
- Er strukturert og løysningsorientert.
- Er sjølvstendig og ser moglegheiter
- Har evna til å balansera fleire oppgåver samtidig i eit hektisk arbeidsmiljø.
- Har engasjement for mat og drikke av høg kvalitet.
- Ikkje er redd for å bretta opp armane.
- Kan bygga og motivera ansatte og kollegaer
- Evnar å henta fram smil hjå gkester så vel som ansatte.
Som leiar vil du ha ansvar for:
- Kvalitetssikring og serviceansvar
- Økonomi
- Kommunikasjon og offentlege relasjonar
- Konseptutvikling
- Personalansvar og lagbygging
- Varebestilling
- Reservasjonar og planlegging av bordsettinger
- Rutineansvar
Det er viktig at du sjølv vil jobba anna kvar helg i service og vera tydelig til stades i restauranten. Du har med deg eit enormt bra team med unge matformidlara og servitører og har eit kreativt kjøkken som er kompetent og knytta til dei lokale leverandørane.
Om bedriften
Hemmeleg er ein berekraftig restaurant for gode matopplevingar midt i matfatet på Jæren. Me serverer ærleg og ekte mat med skikkelege råvarer frå stolte produsentar. Med ein god dose hemmeleg kreativitet vil me gje gjestene våre ei ugløymeleg oppleving.
Hemmeleg opna august 2019 og er ein restaurant med hemmeleg 3-rettar, a la carte og mat du kan ta med heim. Me er ein nynorskrestaurant med rom for kreativitet, leik og kjærleik. Me har ei unik nærleik til våre leverandørar og skal løfta den lokale bonden i presentasjonen av maten me serverer.
Me er bonden Jone Wiig, kokken Arne Nese, ølsomelieren Bjørn Hagerup Røken og kreativ leiar Frode Hagerup jr.
Vår dyktige kjøkkensjef, Jim Vatland, leier våre kokkar og vil saman med deg ver med og utvikla konseptet til nye høgder.
Sektor
Ikke oppgitt
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2071581
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
3e127747-0a2b-458b-95e8-25366b392eed