Hopp til innhold

Sommarjobb innan plan, teknisk, miljø og samfunnsutvikling

Arbeidsgiver

Vestre Slidre kommune

Sted

Slidrevegen 16, 2966 Slidre

Om jobben

Stillingstittel
Sommarjobb innan plan, teknisk, miljø og samfunnsutvikling
Type ansettelse
Sesong, heltid 100%
Antall stillinger
2
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 6. mai

Sommarjobb 2026

Vestre Slidre kommune har ledige sommarjobbar innan reinhald, vedlikehald og tekniske tenester.

Vi har ulike stillingar og det er mogleg å dele opp stillingane gjennom sommaren slik at det kan kombinerast med ferie/ deltid.

Høyres dette interessant ut?

Send oss ein open søknad innan 6. mai 2026, kanskje er det akkurat deg vi leitar etter!

Kjenner du nokon som dette passar for, så del gjerne!  


Arbeidsoppgåver

  • Det vil vere mange ulike arbeidsoppgåver som skal løysast, her er eit lite utval:
    Reinhald, grasklypping, luking av bed, soping, rydding, måling, samt andre førefallende arbeidsoppgåver. 
  • Kvalifikasjonar

    • Det er ynskjeleg med mobilitet for å kome ut til ulike arbeidsstader, men ikkje eit krav. 
    • Må beherske muntleg norsk.
    • Forståing for HMS-arbeid og rutiner.
    • Evne til å handtere fysiske arbeidsoppgåver som ein naturleg del av arbeidskvardagen.

    Personlege eigenskapar

    • Positiv og serviceinnstilt.
    • Gode samarbeidsevner.
    • Ansvarsbevisst og sjølvstendig.
    • Bidra til eit godt arbeidsmiljø. 

    Vi tilbyr

    • Eit godt og triveleg arbeidsmiljø.
    • Gode forhold for samarbeid og læring.
    • Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.

    Kontaktinformasjon

    Vidar Jernæs Strand, Driftsleiar vaktmester og reinhald, 994 57 827

    Arbeidsstad

    Slidrevegen 16
    2966 SLIDRE

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommune

    Referansenr.: 5095990676
    Stillingsprosent: 100%
    Sommarjobb
    Søknadsfrist: 06.05.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Vidar Jernæs Strand

    Driftsleiar vaktmester og reinhald

    994 57 827

    Om bedriften

    Andre opplysningar

     Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje.

     

    Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 100 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.

    Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.

    Flytte til Valdres? Sjå http://www.velgvaldres.no

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    3de8095c-b97e-4a49-99e3-5babff1a6e20

    Sist endret

    21. april 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    06af21b8e7234ab2b4d1f81259f851ac

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser