Tannhelsesekretær Seljord tannklinikk 100% fast stilling
Telemark fylkeskommune
Brøløsvegen 25D, 3840 Seljord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Tannhelsesekretær
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vil du vere med på å betre tannhelsa til innbyggarane i Telemark fylkeskommune?
Det får du no høve til, for vi søkjer ein tannhelsesekretær i 100% fast stilling ved Seljord tannklinikk.
Vi kan tilby ein spennande jobb med varierte arbeidsoppgåver, der du kan utgjere ein positiv forskjell for pasientane. Å jobbe som tannhelsesekretær i tannhelsesektoren i Telemark fylkeskommune inneber lagarbeid med andre tannlegar, tannpleiarar og tannhelsesekretærar i eit godt fagmiljø. Vi trur difor du vil trivast dersom du er ein effektiv og strukturert tannhelsesekretær med gode samarbeidsevner og godt humør som bidreg til å løyse samfunnsoppdraget til tannhelsesektoren. I fylket har vi verdiane kompetanse, samarbeid og openheit og håpar du har lyst til å vere med på å la desse vere synleg i måten vi jobbar saman på. Vi trur nemleg at vi leverer betre tenester til innbyggjarane våre om vi på klinikken samarbeider godt på tvers av alle yrkesgrupper og bidreg til kvarandre si faglege utvikling ved å stille spørsmål og vere nysgjerrige på kvarandre si fagkompetanse.
Seljord tannklinikk er ein tannklinikk med 2 tannlegar, 1 tannpleiarstilling og fem tannhelsesekretærar i deltidsstillingar. Klinikken har fire moderne behandlingsrom og innbydande kontor/møtelokaler. Lokalene ligg i Seljord sentrum, like ved det nye fylkessenteret. Som offentleg klinikk ute i distrikt har klinikken ei variert pasientsamansetning, med ein stor andel betalande pasientar.
Hovudarbeidsoppgåver og ansvarsområde
Assistere tannlegen under pasientbehandling
Arbeidsoppgåver på sterilrom som blir utført i samarbeid med kollegaer
Administrative oppgåver
Bestilling av varer
Oppfølging av pasientar
Rapportering
Resepsjonsarbeid kan vere ein del av stillinga
Vere eit positivt bidrag til arbeidsmiljøet på klinikken og delta aktivt i fellesskapen på klinikken
Delta i arbeid med systematisk fagutvikling og kompetanseheving på arbeidsplassen
Delta i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling og andre felles oppgåver for drift på klinikken
Endringar i ansvar og arbeidsoppgåver må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
Utdanning:
Norsk autorisasjon som tannhelsesekretær. Nyutdanna eller studentar som forventar å få autorisasjon innan seks månader er også velkomne til å søkje. Ufaglærte kandidatar kan også søke, men autoriserte kandidatar har eit fortrinn. Dersom ein ufaglært kandidat vert tilsett i stillinga vil det vere eit krav om å ta autorisasjon som tannhelsesekretær innan 3 år.
Politiattest i samsvar med helsepersonelloven §20a.
Meistre norsk både munnleg og skriftleg: Pasientane skal forstå kva du seier og journalføringa skal vere på eit slikt nivå at vi fyller krav til journalføring
Kompetanse til å utnytte IKT-løysingane frå fylkeskommunen, ser moglegheiter i ny teknologi og er motiverte for å ta i bruk nye digitale løysingar.
Erfaring:
Erfaring frå å assistere tannlege i tannbehandling er ønskjeleg
Kjennskap til Opus og erfaring frå den offentlege tannhelsetenesta er ønskjeleg
Personlege eigenskapar
Vi trur du vil trivast i stillinga om du har:
pasienten i fokus gjennom tillitsskapande, trygg og tydeleg kommunikasjon
god gjennomføringsevne, samtidig som du evnar å vere fleksibel
evne til å jobbe sjølvstendig og ta initiativ
gode samarbeidsevner
evne til stabilitet når tempoet blir høgt
personlege eigenskapar blir vektlagde.
Vi tilbyr
Godt arbeidsmiljø med hyggjelege kollegaer
Spennande og varierte arbeidsoppgåver
Moglegheit for hospitering
I tillegg til felles kurs og samlingar har vi også individuell kurspott til alle faggrupper
Lønn i samsvar med Hovedtariffavtalen
God offentleg pensjonsordning
Tilsetjing og prøvetid
Tilsetjing skjer på grunnlag av dei til kvar tid gjeldande lovene, tariffavtalar og reglement. Som hovudregel praktiserer vi 6 månaders prøvetid frå tiltredingsdato.
Søkje stilling
Du søkjer via det elektroniske søknadsskjemaet vårt. Vitnemål og attestar tek du med til eit eventuelt intervju. Ved utløpet av søknadsfristen blir det utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Søkjarar som har bede om unntak frå offentlegheit, vil bli varsla dersom dette ønsket ikkje kan kommast jf i møte offentleglova § 25. Fylkeskommunen er oppteken av at arbeidsstyrken i størst mogleg grad skal spegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søkje uansett alder, kjønn, eventuell funksjonshemming, seksuell orientering, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Om fylkeskommunen
Fylkeskommunen er ein politisk styrt organisasjon som bidreg til samfunnsutvikling og verdiskaping i regionen. Vi har ansvar for viktige oppgåver innan bla vidaregåande opplæring, kultur, folkehelse, tannhelse, kollektivtrafikk, fylkesvegar, samfunnsutvikling og dessutan regional- og arealplanlegging. Telemark fylkeskommune skal bidra til verdi for framtida gjennom kompetanse, samarbeid og openheit. Vi jobbar tverrfagleg og set behovet til innbyggjarane i sentrum. Til dette oppdraget søkjer vi profesjonelle, inkluderande og modige medarbeidarar som er gode relasjonsbyggjarar og løysingsorienterte lagspelarar.
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2774564
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2710570ec4924bb6bdbce54d4b2f1c03