Rådgivar inntak
Kompetanse- og næringsområdet , Møre og Romsdal fylkeskommune
Julsundvegen 9, 6412 Molde
Om jobben
Stillingstittel
Rådgivar inntak
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 25. mai
Vi søker etter ein engasjert og ansvarsfull medarbeidar som vil bidra inn i planlegginga av det vidaregåande opplæringstilbodet i regionen vår.
Som rådgivar hos oss vil du vere ein nøkkelperson i inntaksprosessen og jobbe tett med menneske på tvers av organisasjonar og nivå.
Arbeidsoppgåver
- utviklingsprosessar og utredningsoppgåver på kompetanseområdet
- skrive politiske saker, rådgiving og opplæring
- saksbehandle søknadar til vidaregåande opplæring
- koordinere og rettleie skolar, kommunar, føresette og elevar i regelverk og søknadsprosess
- utvikle system og rutinar for inntaksarbeidet
Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga.
Kvalifikasjonar
- relevant utdanning frå høgskole eller universitet, gjerne på masternivå
- relevant erfaring frå offentleg forvaltning eller anna administrativt arbeid
- erfaring frå prosess- eller prosjektarbeid
- evne til god munnleg og skriftleg saksframstilling
- relevant erfaring frå opplæringa og kjennskap til vidaregåande opplæring er ein fordel
Personlege eigenskapar
Vår nye medarbeidar
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- tar initiativ og er utviklingsorientert
- er strukturert og analytisk
- er fleksibel og handterer arbeidsintensive periodar
- har evne til å bygge og vedlikehalde nettverk som grunnlag for langsiktig og velfungerande samarbeid
Vi tilbyr
- ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
- god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- kontorstad på fylkeshuset i Molde
- løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Maria Enstad, Seksjonsleder, +47 99511076, maria.enstad@mrfylke.noArbeidsstad
Julsundvegen 96412 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 4960401384
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.
Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Lenke til --> Kompetanse- og næringsområdet (mrfylke.no)
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2930928
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c6199ea01db54b10a08a8b84084b0d72