Sjukepleiar
Pleie- og omsorgstenesta, Bykle
Sarvsvegen 14, 4754 Bykle
Om jobben
Stillingstittel
Sykepleier
Type ansettelse
Fast
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. september
Bykle kommune og pleie- og omsorgstenesta treng sjukepleiar Vi har ledig ein 100 % fast stillingar som sjukepleiarar. Stillinga er delt med 50% stilling i institusjon og 50% stilling i heimebaserte tenester. Arbeid er på dag, kveld, natt og med arbeid kvar 3.helg.
I Bykle skal alle oppleve eit godt og framtidsretta pleie- og omsorgstilbod, i tråd med reforma "Bu trygt heime". Målet er å sikre alle med behov for helsehjelp, gode tenester. Kartlegging, behandling, ernæring, fysisk aktivitet og miljøretta tiltak, vektlegg vi i arbeidet.
Bykle sjukeheim har 15 sjukeheimsplasser fordelt på to avdelingar. Ei avdeling som er tilrettelagt for personar med demens, ei avdelingar med langtidsplassar/ kortidsplassar/avlastning. Vi er ein mindre institusjon med eit godt arbeidsmiljø, så her vil ein bli godt ivaretatt.
Som sjukepleiar i heimetenesta vil ein jobbe tett på brukarane i deira heim og møte dei i ulike livssituasjonar og ulike utfordringar. I heimetenesta jobbar ein stortsett aleine. Vi treng deg som er ein kompetent sjukepleiar som kan utføre tildelte oppgåver i brukars heim. Vi ønskjer at du er fagleg dyktig og engasjert i oppgåver som du vil møte.
Arbeidsoppgaver
Arbeidsoppgaver i institusjon:
- Sjukepleiarfaglege oppgåver knytt til pleie, behandling og miljøretta tiltak i institusjon
- Pasientnært arbeid i somatisk avdeling og på avdeling tilrettelagt for personar med demens
- Primærsjukepleie
- Ivareta oppgåver og prosedyrer knytt til stillinga som sjukepleiar
- Aktivt bidra til å sikre individuelle, faglege og etisk forsvarlege tenester.
- Ivareta sjukepleiarfagleg ansvar på vakt
- Rettleiing og opplæring av anna personale, studentar og pasient/pårørende
- Samarbeide med tilsynslege, sjukehus og anna tverrfaglig samarbeid
- Samarbeid med brukar og pårørande
- Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk.
- Halde deg faglig oppdatert og bidra til fagleg utvikling.
Arbeidsoppgaver i heimebasertetenester:
- Sjukepleiarfaglege oppgåver knytt til pleie, behandling og miljøretta tiltak i brukars heim.
- Primærsjukepleie
- Aktivt bidra til å sikre individuelle, faglege og etisk forsvarlege tenester.
- Ivareta sjukepleiarfagleg ansvar på vakt
- Tverrfagleg samarbeid, samt samarbeid med brukar og pårørande
- Samarbeide med fastslege
- Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk.
- Halde deg faglig oppdatert og bidra til fagleg utvikling.
Kvalifikasjoner
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Beherske dei vanligaste digitale fag-program og IKT-verktøya
- Søkjar må ha gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg
- Søkjar må ha førarkort for bil
- Erfaring frå arbeid i heimeteneste og institusjon er ein fordel
Personlige egenskaper
- Kompetent, open, påliteleg og engasjert
- Fleksibel og løysningsorientert
- Gode etiske og faglege haldningar
- Bidra til å skape eit trygt og meiningsfylt tilvere for pasient og brukar
- Du må vere strukturert og løysingsorientert
- Ha interesse og gjerne erfaring frå eldreomsorgen
- Har evne til å ta ansvar, samt nytenking og utvikling
- Personlege eigenskaper blir lagt vekt på ved tilsetting
Vi tilbyr
- Fagleg utfordringar i eit godt arbeidsmiljø meg kode kollegaer
- Konkuransedyktig løn
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Kommunen kan hjelpe til med bustad
- Flyttegodtgjersle etter eige reglement
- Barnehageplass og SFO plass frå dag ein i kommunen
- Ein fjellkommune med fin natur, rein luft og mange moglegheiter for friluftsliv både sommar og vinter
- Velferdstiltak som skapar trivsel og samhald
- Bedriftsleilighet i Kanalbyen i Kristiansand
Kontaktinformasjon
Ragnhild Åvesland Hoslemo, Tjenesteleder, 47354904Arbeidssted
Sarvsvegen 144754 Bykle
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: BykleReferansenr.: 4849627695
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.09.2024
Kontaktperson for stillingen
Ragnhild Åvesland Hoslemo
Tjenesteleder
47354904
Om bedriften
Bykle kommune som arbeidsgjevar:
- Vi er organisert på to nivå: kommunedirektør med stab og 7 tenesteeiningar
- Vi er ca. 190 tilsette
- Hos oss er det kort avstand mellom leiar og tilsett
- Vi er ei IA-bedrift
Om Bykle:
- Bykle kommune har ca. 1000 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal
- Kommunesenteret er lokalisert i Bykle
- Hovden er eit stort turistsenter, og i sesong aukar innbyggjertalet i kommunen til over 20 000
- Fritidstilboda er mange og varierte, både sommar og vinter. Vi har blant anna eit flott aplinsenter, nypreppa langrennsløyper både i nærområde og på høgfjellet, golfbane og badeland
- Vi er kjende som eit attraktivt turistmål med gode kraftinntekter
- Det er løpande SFO- og barnehageopptak
Avstandar:
- Bykle - Kristiansand er 18 mil
- Bykle - Oslo er 29 mil
- Bykle - Stavanger er 33 mil
- Bykle - Bergen er 35 mil
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2727768
- Sist endret
27. august 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5717bb4a4c2442f89d1af9ba8232cb22